close
BERJAYA

Sargassum muticum, japansk drivtang. Foto fra: Limfjorden Ertebølle

BERJAYA

Sargassum muticum, japansk drivtang. Foto fra: Lendrup S Løgstør, Jylland, Danmark

Japansk drivtang er ein brunalge som veks i fjæresona og kan bli fleire meter lang. Dei har luftblærer som held dei oppe, og når greiner knekk av så driv dei rundt. Dei dannar ofte tette og høge bestandar og kan kan fortrengja andre artar. Japansk drivtang har spreidd seg frå Japan til Europa, truleg med import av stillehavsøsters. Dei finst langs norskekysten nord til utløpet av Trondheimsfjorden.

Faktaboks

Vitenskapelig navn
Sargassum muticum
Beskrevet av
(Yendo) Fensholt
Fremmedartstatus i Norge
SE – Svært høy risiko

Skildring

Japansk drivtang kan bli fleire meter lang under gode veksttilhøve. I Noreg er det vanleg å finna individ på opp til 1-2 meter. Kvart individ består av ein eller fleire hovudaksar med mange sidegreiner. På sidegreinene dannast det ei mengd små og runde luftblærer og små blad. Luftblærene held tangen oppe i vatnet. Ut på sommaren er det vanleg at blada blir felt, og i tillegg kan greiner lett knekka og flyta rundt. Dette er årsaka til det norske namnet. Arta er fleirårig, og overvintrar med eit redusert basisparti.

Veksestad

Japansk drivtang er vanlegast å finna frå fjøra til rundt 4 meters djup. Han veks på fjell, stein, grus og skjell, eller kunstige substrat som til dømes tau. Japansk drivtang veks svært raskt i sommarhalvåret og dannar ofte tette og høge bestandar.

Temperatur og salttoleranse

I utbreiingsområdet sitt frå det nordvestlege Stillehavet kan japansk drivtang finnast i områder der vintertemperaturen er så låg som 2 grader og sommartemperaturen går opp til 28 grader. Japansk drivtang har altså god temperaturtoleranse, men toler ikkje så godt lågt saltinnhald i sjøen. Han har difor ikkje klart å etablera seg i dei store fjordsystema i Noreg. Hovudårsaka til den låge brakkvasstoleransen er at egga ikkje blir befrukta ved saltinnhald under 15 promille.

Utbreiing

Som namnet tyder høyrer japansk drivtang heime i Japan, men har spreidd seg til det Nordvestlege Amerika, Europa og Afrika (Marokko). Langs norskekysten finst japansk drivtang nord til utløpet av Trondheimsfjorden, men arta er ikkje etablert i dei norske fjordarmane fordi ho ikkje så godt toler lågt saltinnhald.

Spreiinga av japansk drivtang frå Japan til det Nordvestlige Amerika og Europa har etter alt å dømma funne stad gjennom eksport av østers eller østersyngel frå Japan. Østers vart importert til Canada og USA frå slutten av 1800, og det første funnet av japansk drivtang på vestsida av Nord-Amerika vart gjort i 1941 i Canada. På same måte skjedde det første funnet av japansk drivtang i Sør-England i 1972, etter at østersyngel hadde blitt importert til Frankrike frå 1960-talet av. Små kimplanter av japansk drivtang kan ha vakse på østersskal, eller biomasse av japansk drivtang kan ha blitt nytta til å dekka over østers under transporten.

Formeiring

Arta formeirar seg gjennom å danna små, korte greiner som veks fram på sidegreinene. Desse kallast reseptaklar og har avgrensa lengdevekst, og svell opp når dei modnast. Kjønnsceller (gametar) dannast då i små holrom i reseptakla. I Noreg modnast desse gjennom sommaren. Arta er sambu, og når kjønnscellene er mogne blir dei slepte fri gjennom små opningar i reseptakla. Dette frisleppet skjer synkront, og er samanfallande med fullmåne eller nymåne. I tillegg blir egga befrukta før dei forlet reseptakelen, og dei befrukta egga festar seg deretter på utsida av denne. Her utviklar dei seg til ørsmå kimplanter, noko som gjer at reseptaklane ser lodne ut nokre dagar etter full- eller nymåne. Deretter dett dei av, og sidan dei er relativt tunge søkk dei raskt mot botnen og festar seg.

Det at japansk drivtang spreier seg som ørsmå kimplanter gjev sannsynlegvis betre overleving av rekruttane. Det medfører også at spreiingsrekkevidda til dei små kimplantene ikkje er særleg stor, og undersøkingar viser at dei fleste kimplantene landar 2-3 m frå foreldreplanta, medan nokre kan spreia seg nokre titals meter. Denne korte spreiingsrekkevidda for dei fleste kimplantene medfører at ein ofte finn japansk drivtang i tette grupper.

Japansk drivtang kan også spreia seg ved hjelp av planter eller greiner som driv rundt i overflata. Dersom desse har mogne reseptaklar og plantene driv inn til ei strand, vil kimplanter frå desse kunna etablera seg på den nye staden. På denne måten kan japansk drivtang spreia seg svært effektivt over ganske lange avstandar. Etter den første registreringa av japansk drivtang i Europa frå Sør-England i 1972 vart han funnen etablert i Sør-Norge allereie i 1988. Arta finst i dag (2026) nord til utløpet av Trondheimsfjorden.

Økologisk påverknad

Japansk drivtang veks svært raskt i sommarhalvåret og dannar ofte tette og høge bestandar. På den måten kan arta fortrengja andre artar, eller skygga dei ut. Arta er sett i kategorien Svært høg risiko i Framandartslista til Artsdatabanken, og grunngjevinga er at arta har stort invasjonspotensiale (evne til å spreia og etablera seg) og middels økologisk effekt. Den økologiske effekten skuldast i hovudsak at arta lokalt kan utkonkurrera andre artar, og på den måten kan japansk drivtang endra den lokale artssamansetnaden. Japansk drivtang kan også påverka artssamfunnet på andre måtar, ved at han er veksestad og skjulestad for ei mengd dyr og makroalgar i sommarhalvåret.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Chromista det gule riket, kromistar, kromister, gulbrune alger
Rekke Ochrophyta okeralger
Klasse Phaeophyceae brunalger, brunalgar
Orden Fucales
Familie Sargassaceae
Slekt Sargassum
Art Sargassum muticum japansk drivtang

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2026).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Engelen, A. H., Serebryakova, A., Ang, P., Britton-Simmons, K., Mineur, F., Pedersen, M. F., Arenas, F., Fernández, C., Steen, H., Svenson, R., Pavia, H., Toth, G., Viard, F. og Santos, R. (2015). Circumglobal invasion by the brown seaweed Sargassum muticum. Oceanography and Marine Biology: An Annual Review 53: 121.

Husa, V., Eilertsen, M., Haugland, B. og Steen, H. (2023). Phaeophyceae: Vurdering av japansk drivtang Sargassum muticum for Fastlands-Norge med havområder. Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken.

Sjøtun, K., Armitage, C.S., Eilertsen, M. og Todt, C. (2021). Fauna associated with non-native Sargassum muticum (Fucales, Phaeophyceae) vary with thallus morphology and site type (sounds and bays). Marine Biology Research DOI:10.1080/17451000.2021.1994999

Steen, H. (2004). Effects of reduced salinity on reproduction and germling development in Sargassum muticum (Phaeophyceae, Fucales). European Journal of Phycology 39: 293-299.

Faktaboks

Vitenskapelig navn
Sargassum muticum
Artsdatabanken-ID
107222
GBIF-ID
3197314

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg