Å
| Å | |||
| Å å | |||
| | |||
| Bruk | |||
|---|---|---|---|
| Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
| Type | Alfabet | ||
| Opphavsspråk | Svensk | ||
| Fonetisk bruk | |||
| Unicode | U+00C5, U+00E5, U+212B | ||
| Historie | |||
| Utvikling | AA aa
| ||
| Anna | |||
| Skriveretning | Venstre til høgre | ||
Å er den tjueniande og siste bokstaven i det norske alfabetet. Han blir brukt i norsk, svensk, dansk, vallonsk, chamorro, og ein del i finsk og i samiske språk.
Ringen over A-en utvikla seg frå ein liten a som blei skriven over denne bokstaven for å syna lydendringa frå /a/ til /å/. På liknande vis oppstod omlydsteiknet ¨, to prikkar over ein vokal, frå ein liten ⟨E⟩ skriven over bokstaven. Ringen finst òg som aksentteikn for visse bokstavar i nokre språk, som ⟨U⟩.
Bruk av Å
[endre | endre wikiteksten]I Norden
[endre | endre wikiteksten]Ein brukte bokstaven til å skriva skandinaviske språk allereie i mellomalderen, etter at ein hadde bytta runene ut mot det latinske alfabetet. På grunn av tysk innverknad slutta ein å bruka Å-en på dansk, og han mangla dermed òg på norsk i førstninga. Svensk hadde derimot halde på bokstaven. ⟨Å⟩ vart fyrst nytta i trykt tekst i Gustav Vasa-bibelen frå 1541.[1]
Ettersom ⟨Å⟩ hadde stått for ⟨Á⟩ i norrønt, blei han skriven med to A-ar på dansk. Dette skapte etter kvart problem dersom ein ønska å skriva ⟨Å⟩ og ⟨A⟩ etter kvarandre. Særleg gjaldt dette det nye norske landsmålet, til dømes i ordet «sjaaande». Skulle det lesast «sjaånde» eller «sjåande»? Rettskrivinga av 1917 innførte bokstaven ⟨Å⟩ for begge målformene, og han blei også teken inn igjen i dansk i 1948. Den gamle måten å skriva ⟨Å⟩ på, ⟨Aa⟩, finst fortsatt i gamle namn og i datasamanhengar der ein manglar eit skandinavisk teiknsett. Namn som bruker ⟨Aa⟩ som Å-lyd blir sorterte alfabetisk under Å.
I det svenske alfabetet kjem bokstaven rett etter Z, i rekkefølgja Å, Ä, Ö, medan han kjem heilt sist i det danske og norske. I finsk blir bokstaven berre brukt i namn av svensk opphav.
I vallonsk
[endre | endre wikiteksten]På byrjinga av nittenhundretalet tok ein til med å bruka å for å skriva austlege dialektar av vallonsk. Gjennom byen Liège vart bruken spreidd til alle desse områda, og han blei seinare teken i bruk for det nye vallonske skriftspråket som er meint å dekka heile Wallonia.
Opphavleg hadde lyden same verdi som på norsk. Etterkvart som han breidde om seg, kom ⟨Å⟩ òg til å stå for både open og lukka /o/ og lang /a/. Der ein ikkje skriv standardisert vallonsk, kan ein skriva desse lydane med «au», «ô» eller «â» ut frå uttale.
Eiga tyding
[endre | endre wikiteksten]
Over heile verda kan «Å» stå for lengdeeininga Ångström (1 Å = 10–10 meter) , som ikkje høyrer til SI-systemet.
«Å» er også eit ord i seg sjølv, både på norsk, svensk og dansk. Det kan tyda «bekk» eller «elv» på alle tre språka, og er infinitivsmerke i nynorsk og bokmål og i mange svenske dialektar.
Elles er «å» ein preposisjon på norsk og svensk, men denne er mest berre bruka i samansetningar som «åtak», «oppå» med avstyttinga «på» og i nokre faste uttrykk som «å nyo», «å hovde» (norsk) og «å andra sidan» (svensk).
I tydinga «bekk» har Å gjeve namn til fleire stader i Skandinavia. Desse er ikkje uventa nokre av verdas kortaste stadnamn.
/Å/ vert òg nytta for å uttrykka forundring, eller som eit uttrykk for at ein lyttar og syner interesse når nokon fortel nyhende. Lyden vert då vanlegvis trekt ut til ein lang Å.
- I Noreg
- I Sverige
- I Danmark
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pettersson (1996), s. 139
- Pettersson, Gertrud (1996), Svenska språket under sjuhundra år: en historia om svenskan och dess utforskande, Lund: Studentlitteratur, ISBN 91-44-48221-3
