close

Abd, tyder slave eller tenar. Ordet er ein del av mange arabiske namn, til dømes Abdullah, 'Guds tenar' (‘abdu-l-lāhi عبدﷲ), eller Abd al-Qadir / Abdulqadir (‘abdu-l-qadīr عبدالقدير), 'den allmektiges tenar'.

Faktaboks

Etymologi
arabisk ‘abd عبد 'slave, træl, tenar', som heng saman med verbet ‘abada عبد 'tene, tilbe'

Koranen

Jamfør Koranen, sure 19 (Maryam), vers 30, der barnet Jesus (‘Īsā عيسى) talar til Maria (Maryam مريم) og kallar seg Guds tenar:

قَالَ إِنِّى عَبْدُ ٱللَّهِ ءَاتَىٰنِىَ ٱلْكِتَـٰبَ وَجَعَلَنِى نَبِيّاً
  • Qāla innī ‘abdu llāhi ātāniya l-kitāba wa-ja‘alanī nabiyyā.
  • Han sa: Eg er Guds tenar. Han har gjeve meg Skrifta og gjort meg til profet.

Bibelhebraisk

Bibelhebraisk ‘ɛ́bɛd עֶ֫בֶד 'slave, tenar' er etymologisk det same ordet. Jamfør til dømes Josva 1,1 «Herrens tenar», hebraisk עֶבֶד־יְהוָה ‘ɛbɛd-JHVH, og 2. Mosebok 21,2 «hebraisk slave», hebraisk עֶבֶד עִבְרִי ‘ɛbɛd ‘ibri.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg