George Paget Thomson
| Sir George Paget Thomson | |||
| | |||
| Fødd | 3. mai 1892 Cambridge i England | ||
|---|---|---|---|
| Død | 10. september 1975 (83 år) Cambridge i England | ||
| Nasjonalitet | Britisk | ||
| Område | fysikk | ||
| Yrke | fysikar, kjernefysikar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Imperial College London University of Aberdeen | ||
| Alma mater | University of Cambridge | ||
| Doktorgradsrettleiar | John William Strutt | ||
| Doktorgradsstudentar | Ishrat Hussain Usmani | ||
| Kjend for | Elektronavbøying | ||
| Ektefelle | Kathleen Buchanan Adam Smith | ||
| Barn | John Thomson, [Caroline] Rose Buchanan Thomson, Lieut. Com. David Paget Thomson, [Lilian] Clare Thomson | ||
| Medlem | Royal Society American Academy of Arts and Sciences | ||
Sir George Paget Thomson (3. mai 1892–10. september 1975) var ein engelsk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med Clinton Joseph Davisson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Han var i 1922 professor i Aberdeen, og frå 1930 til 1952 ved Imperial College i London. Frå 1952 til 1962 var han master of Corpus Christi College i Cambridge. I 1927-1928 påviste han bøying av elektronstråler i krystall og stadfesta dermed teorien til de Broglie om materiebølgjer. For dette arbeidet fekk han saman med amerikanaren C. J. Davisson Nobelprisen i fysikk for 1937. Thomson vart i 1940 formann for den britiske regjeringa sin første komité for for kjerneenergi, Maud-komiteen, og oppretta samarbeidet med USA om utviklinga av atombomba. I 1946 starta han nokre av dei første forsøka på kontrollert fusjon.
Han var son av fysikaren og nobelprisvinnararen J. J. Thomson.
Prisar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- 1937 – Nobelprisen i fysikk
- 1960 – Faradaymedaljen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «George Paget Thomson» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nobelprisen i fysikk 1937» (på engelsk). Nobelprize.org. Henta 22. februar 2012.
- George Paget Thomson. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/George_paget_thomson
