close
Hopp til innhald

Windows 7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Windows 7
BERJAYA
Utviklar(ar)Microsoft
Utgjeve21. juli 2009
Nyaste versjonService Pack 1 (6.1.7601) (22. februar 2011)
PlattformIA-32, x86_64, x86-arkitektur
Byggjer påWindows Vista
SkrivebordsmiljøWindows API, .NET Framework, Windows Forms, WPF, DirectX, Media Foundation
LisensMicrosoft Software Assurance, volumlisensiering, lisensavtale for sluttbrukere
FøregangarWindows Vista
EtterfølgjarWindows 8

Windows 7 er ei tidlegare utgåve av operativsystemet Microsoft Windows som kom på marknaden i 2009[1]. Windows 7 erstatta Windows Vista og vart erstatta av Windows 8 i 2012. Frå og med 14. januar 2020 har ikkje Microsoft retta feil i Windows 7[2].

Utviklinga

[endre | endre wikiteksten]

Blackcomb skulle eigentleg vere etterkomaren til Windows XP (Whistler). Store funksjonar var planlagde for Blackcomb, men ei mindre utgåve ved kodenamn «Longhorn» vart gjort kjend. Denne skulle koma i 2003 og Blackcomb-utviklinga var utsett.[3] I 2003 hadde Longhorn teke over nokre av funksjonane som var planlagde for Blackcomb. Etter at det kom tre store virus for Windows i 2003, måtte Microsoft leggja om prioriteringa for utvikling og Longhorn vart sett på vent slik at Microsoft fekk tid til å laga nye oppdateringar til Windows XP og Windows Server 2003. Longhorn-utviklinga vart dessuten starta opp att frå botnen i august 2004 og soleis utsett igjen. Fleire funksjonar måtte kuttast ut.[4]

Maskinvarekrav

[endre | endre wikiteksten]

Microsoft spesifiserte minstekrava til maskinvare for Windows 7.[5] Krava for 32-bitarsutgåva er ganske uendra, men krava for 64-bitersutgåva er høgare.

Minimumskrav til maskinvare for Windows 7[5]
Arkitektur 32-bitar 64-bitar
CPU-snøggleik 1 GHz
Minne (RAM) 1 GB 2 GB
Grafikkort Støtte for DirectX 9 og 128 MB grafikkminne (for Windows Aero)
Ledig plass på platelager 16 GB 20 GB
Optisk stasjon DVD-stasjon (berre til installering frå DVD/CD)

Ekstra krav til å nytta somme funksjonar:[5]

Kjeldetilvisingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. B. LeBlanc, Windows 7 Has Been Released to Manufacturing , Microsoft, 22. july 2009.
  2. Support for Windows 7 has ended, Microsoft.
  3. Lettice, John (2001-10-24). «Gates confirms Windows Longhorn for 2003 (engelsk)». The Register. Henta 2008-03-05.
  4. «Microsoft cuts key Longhorn feature (engelsk)». Todd Bishop. Hearst Seattle Media, LLC. August 28, 2004. Henta 2009-03-25.
  5. 1 2 3 «Windows 7 system requirements». Microsoft.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]