Beijing
| Běijīng | |||
| 北京 | |||
| by | |||
Himmelfredsplassen i Beijing. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 43,5 m | ||
| Areal | 16 410,54 km² | ||
| Folketal | 21 893 095 (2020)[1] | ||
| Tidssone | UTC +8 | ||
| Postnummer | 100000–102629 | ||
| Retningsnummer | 10 | ||
![]() Beijing 39°54′15″N 116°24′27″E / 39.90403°N 116.407526°E | |||
| Wikimedia Commons: Beijing | |||

Beijing er hovudstaden i Folkerepublikken Kina. Han er òg ein av dei 4 sjølvstyrte kommunane i Kina og inneheld 16 distrikt og 2 fylke.
Beijing har omkring 22 millionar innbyggjarar, og er den andre folkerikaste byen i Kina, etter Shanghai.
I byen ligg fleire verdsarvstader: Den forbodne byen, Himmeltempelet, Sommarpalasset, Minggravene, staden der ein fann leivningane av Peking-mennesket og delar av Den kinesiske muren og Keisarkanalen.[2]
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Beijing (forenkla kinesisk 北京, pinyin Běijīng, Wade–Giles Pei-ching) betyr 'nordleg hovudstad', og blei brukt av Ming-dynastiet frå 1403 for å skilja byen frå Nanjing ('sørleg hovudstad').[3] Namnet blei historisk translitterert som «Peking».[2] Dette byggjer på uttalen av dei to kinesiske skriftteikna i namnet i dei sørlege delane av Kina som europeiske handelsfolk og misjonærar først vitja.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Beijing si historie.
Den første hendinga i Beijing si historie, som synast å vera stadfesta av arkeologiske funn, er datert til 1000-talet fvt., då Zhou-dynastiet erobra Shang-dynastiet[5] (kring 1046 fvt.). Ifølgje historikaren Sima Qian skal kong Wu av Zhou ha tatt makta frå den siste Shang-kongen, i det ellevte året av kong Wu si regjeringstid.[6]
Jin-dynastiet sin hovudstad Zhongdu vart bygd i noverande Beijing.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Det ligg 91 universitet i Beijing.[7] Fleire av dei ligg øvst på rangeringslistene over dei beste universiteta i landet, som Pekinguniversitetet og Tsinghuauniversitetet.
Styresmakter
[endre | endre wikiteksten]Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Cai Qi og borgarmeisteren er Chen Jining (2021).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ 国务院第七次全国人口普查领导小组办公室 (juli 2022). 中国人口普查分县资料—2020 (på kinesisk). Beijing: China Statistics Press. ISBN 978-7-5037-9772-9. Wikidata Q130368174.
- 1 2 «Beijing». Store norske leksikon. Henta 2019-09-26.
- ↑ Hucker, Charles O. (1958). «Governmental Organization of the Ming Dynasty». Harvard Journal of Asiatic Studies. 21: 1–66. doi:10.2307/2718619. JSTOR 2718619.
- ↑ Lane Harris (2008). «A 'Lasting Boon to All': A Note on the Postal Romanization of Place Names, 1896–1949». Twentieth Century China. 34 (1): 96–109. doi:10.1353/tcc.0.0007.
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ Hou 1998: 38
- ↑ «Archived copy» 2015年北京市高校名单(共91所). gaokao.com. 22. mai 2015. Arkivert frå originalen den 30. november 2016. Henta 29. november 2016.
{{cite web}}: CS1 maint: archived copy as title (link)
- Bibliografi
- Hou, Renzhi (1998). The Works of Hou Renzhi. Beijing: Peking University Press.
- Denne artikkelen bygger på «Beijing» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2019.


