close
BERJAYA

Ei kvinne skriftar i ein skriftestol. Måleri av den skotske måleren David Wilkie.

Av /Antonia Reeve/National Galleries of Scotland.
Lisens: CC BY NC 3.0
BERJAYA
I Den katolske kyrkja har skriftemål tradisjonelt gått føre seg i ein skriftestol. I dag er det vanleg at skriftemålet blir gjennomført som ei samtale ansikt til ansikt.
Skriftemål i ei katolsk kyrkje
Av /Corbis Historical/Getty.

Skriftemål er det å vedkjenne seg syndene sine for eit anna menneske. I dei fleste kristne kyrkjesamfunna inneber skriftemål at den truande vedkjenner seg syndene sine overfor ein prest og får tilgjeving.

Ein viktig føresetnad for skriftemålet er at presten har teieplikt, og at hen opptrer på vegner av kyrkja når vedkomande gjev tilgjeving.

Praksis

Den katolske kyrkja

I Den katolske kyrkja skjer skriftemålet tradisjonelt i kyrkjerommet, gjerne i eit eige avlukke, ein skriftestol. Denne har to skilde kammer, og presten sit i det eine kammeret til faste tider for å høyre skriftemålet til dei truande. Skriftemålet går føre seg anonymt, og presten og den truande kommuniserer gjennom ei luke eller skjerm.

I dag blir skriftemål òg gjennomført som samtaler ansikt til ansikt. Den skriftande kan sjølv velje kva prest ein ynskjer å skrifte overfor.

Etter å ha høyrt vedkjenninga, bestemmer presten ei passande bot – til dømes å be ei bønn, ofte ave Maria, eller faste i eit visst tal dagar eller veker. Det finst offisielle lister over synder og passande bøter.

Skriftemålet er fyrste del av botsakramentet. Andre del består av absolusjon, og tredje del er gjennomføringa av bota.

Ein skil mellom dødssynder, poena damnationis, som blir rekna som rota til alt vondt (begjær, grådigheit, fråtseri, misunning, sinne, hovmod, latskap), og mindre alvorlege syndar, poena temporalis. Den som skriftar, får tilgjeving for dei mindre alvorlege syndene, men dødssyndene må uansett «betalast» etter døden gjennom liding i skjærselden.

Alle truande blir tilrådde å skrifte minst éin gong i året, eller etter behov.

Den ortodokse kyrkja

I Den ortodokse kyrkja blir det lagt vekt på at kvar einskild må granske samvitet sitt for deretter å uttrykkje oppriktig anger over syndene ein har gjort overfor Gud og medmenneske, og vilje til å omvende seg ved å vedkjenne seg syndene sine for ein prest. Ved å akseptere syndvedkjenninga, stadfestar presten angeren til den truande og tilseier vedkomande Guds nåde og tilgjeving i absolusjonen. Presten kan gje den truande åndelege råd og botsøvingar som kan hjelpe mot å falle i synd.

Tradisjonelt har ein i Den ortodokse kyrkja tilrådd dei truande å gå til skrifte fire gonger i året i samband med fastetidene, eller minst éin gong i året.

Protestantiske kyrkjer

Innanfor protestantiske kyrkjesamfunn kan skriftemålet gå føre seg individuelt eller som ålment skriftemål, det vil seie at kyrkjelyden ber ei felles syndvedkjenning og presten deretter tilseier forlatinga til syndene. Presten kan tilseie syndtilgjevinga til kyrkjelyden samla, eller ved at kvar einskild får tilsagt tilgjevinga til syndene individuelt.

Historikk

BERJAYA

Skriftestolen i Matthiaskyrkja i Budapest.

I mellomalderen kunne botsøvingane vere strenge. Presten kunne til dømes påleggje ei pilegrimsferd som straff for alvorlege synder som utruskap eller lygn. Pilegrimsreisa var både farleg og kostbar og kunne ta fleire månader å gjennomføre. Etter kvart vart det mogleg å kjøpe seg fri frå bota i såkalla avlatshandel. Martin Luther rekna dette som eit teikn på religiøst og moralsk forfall, og kritikken hans av avlatshandelen vart byrjinga på reformasjonen.

I Den katolske kyrkja er i moderne tid retten til å gje avlat, det vil seie syndtilgjeving som kortar ned opphaldet i skjærselden, reserverte for paven. Etter den teknologiske moderniseringa under det andre Vatikankonsilet på 1960-talet vart skriftemålet knytt tettare til tilgjeving og anger, og bota vart mindre viktig.

Etter reformasjonen

Reformatorane oppheva skriftemålet som obligatorisk ordning, men tilrådde at det vart brukt. Luther framheva at synderkjenning og tru var den personlege, daglege bota til den kristne. Han meinte at skriftemålet kunne gjennomførast overfor ein prest eller ein kristen lekmann. Kapittel 20, vers 23 i Johannesevangeliet i Det nye testamentet har vore sett på som det bibelske grunnlaget for skriftemålet. I dei lutherske vedkjenningsskriftene blir det omtalt i Augustana artikkel 11 og 25 og i Luthers vesle katekisme.

Sjølv om Luther kritiserte at det skulle vere ei plikt å gå til skriftemål, vart skriftemål obligatorisk før ein kunne gå til nattverd i fleire lutherske kyrkjer. Dette var lenge tilfelle i Den norske kyrkja, der ein med tida gjekk over frå individuelt skriftemål til ålment skriftemål som den vanlege ordninga. På slutten av 1800-talet gjekk ein bort frå ordninga med obligatorisk skriftemål før nattverden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Halvor Bergan: Skriftemål og skriftestol. Skriftemålet i Den norske kirke fra reformasjonstiden til idag. Oslo: Universitetsforlaget 1982.
  • Helge Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kirke. Oslo: Universitetsforlaget 1994.
  • Jarl Gallén: Botsakrament, Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder, bind 2, sp. 181-188. Oslo: Gyldendal 1957.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg