close
Hopp til innhald

Benelux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Benelux
BERJAYA
Offisielt namnBenelux Unie, Union Benelux
TypePolitical economic union, regional organisasjon, triade
Grunnleggjar(ar)Nederland, Belgia, Luxembourg
VirkefeltNederland, Belgia, Luxembourg
Skipa5. september 1944
HovudkontorBrussel
Nettsidehttps://www.benelux.int/

Benelux eller Be-Ne-Lux-landa er ei fellesnemning på Belgia, Nederland og Luxembourg. Dei to offisielle språka er nederlandsk og fransk.

BERJAYA
Kart over Benelux (Belgia, Nederland og Luxembourg)

Namnet er skapt ved å setje saman dei fyrste stavingane frå kvart av namna til medlemslanda, og vart opphavleg til ved opprettinga av den økonomiske unionen «Benelux» (Benelux Economische Unie / Union Économique Benelux).

Tollunionen vart avtalt i 1944 og trådde i kraft i 1948 med formål om å fremje den frie rørsla av arbeidskraft, kapital, tenesteytingar og varer dei tre landa imellom. Stiftinga bidrog til utviklinga fram mot Den europeiske unionen.

Kamp mot kriminalitet

[endre | endre wikiteksten]

I 2004 vart det avtalt at politistyrkane til medlemslanda gjerne må overskride landegrensene til kvarandre i kampen mot den internasjonale kriminaliteten. Avtalen går eit steg vidare enn Schengenavtalen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Benelux