close

Faktaboks

Carl Berner

Carl Christian Berner

Fødd
20. november 1841, Christiania (nå Oslo)
Død
25. mai 1918, Kristiania (nå Oslo)
Virke
Politikar og embetsmann
Familie

Foreldre: Stiftsoverrettsassessor Oluf Steen Julius Berner (1809–1855) og Marie Louise Falkenberg (1816–1841).

Gift i 1868 med Olivia Mathilde Jacobine Berner (1841–1919), dotter til garvermeister Jørgen Haslef Berner (1811–1892) og Jørgine Smith (1808–1887).

Far til arkitektane Jørgen Haslef Berner (1873–1955) og Carl Berner (1877–1943).

BERJAYA
Stortingspresident Carl Berners portrett på et postkort frå 1905.
Av /Oslo byarkiv.
Lisens: CC BY 4.0
BERJAYA
Carl Christian Berner, portrettfoto frå cirka 1890–1900.
Av .

Carl Berner var ein norsk politikar for Venstre. Han var stortingsrepresentant i periodane 1885–1892 og 1895–1909, og stortingspresident ved unionsoppløysninga i 1905.

Stortinget vakte han straks merksemd ved sine kunnskapar, formelle evner og dugleik som debattant. Som leiar for opposisjonen redigerte og framsette han i 1891 det forslaget som førte til avgangen for regjeringa Emil Stang.

I Johannes Steen si regjering i perioden 1891–1893 vart Berner først medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, seinare sjef for Kyrkjedepartementet. I 1895 vart han igjen stortingsrepresentant for Bergen, og i perioden 1903–1909 for Sarpsborg.

I unionspolitikken i 1890-åra spela Berner ei viktig rolle, ikkje minst i opplegget og gjennomføringa av den politikken som skulle føre fram til unionsoppløysinga i 1905. Som stortingspresident i 1905 personifiserte han det nasjonale samhaldet og fekk ry som brubyggjar i politikken.

Berner tilhøyrde den radikale fløya av Venstre, og vart etter stortingsvalet i 1906 Radikale Venstres parlamentariske førar.

Carl Berners plass i Oslo har namnet sitt frå Berner.

Bakgrunn

BERJAYA
Carl Berner som ung, foto frå 1860-åra.
Av /Oslo Museum.

Carl Berner vart tidleg foreldrelaus. Mora døydde tre veker etter at han var fødd, stemora då han var åtte år, og faren då Carl var knapt 14 år gammal. Sidan budde han ei tid i Larvik hos familien til mora og tok studenteksamen der i 1859.

Deretter følgde realfagstudium ved Universitetet i Christiania, men utan at han fullførte nokon eksamen. I staden utnytta han kunnskapane sine som lærar ved eit par høgare skular, og han tok aktivt del i studentpolitisk arbeid, mellom anna som formann i Studentersamfundet frå 1867 til 1868.

I 1860-åra høyrde han til «Døleringen», ein krins av nasjonal-demokratiske opposisjonelle, blant dei Ernst Sars, Aasmund Olavsson Vinje og Hagbard Berner.

Politikar

BERJAYA

Stortingspresident Carl Berner (1841–1918) på presidentplassen i stortingssalen. Portrett frå 1905.

/Gyldendal Norsk Forlag.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Stortingsrepresentant

Etter eit studieopphald i utlandet vart Carl Berner i 1874 utnemnd til direktør for den nye tekniske skulen i Bergen, ei stilling han hadde til 1891. I Bergen kom han snart med i det offentlege livet og var mellom anna medlem av byens formannskap og representantskap. Han engasjerte seg også på Venstres side i den partipolitiske striden tidleg i 1880-åra, og vart i 1885 vald til stortingsrepresentant frå byen. Frå då av var Stortinget Carl Berners arbeidsplass heilt fram til 1909, med unntak for perioden 1892–1894, då han som statsråd ikkje var valbar. Han representerte Bergen fram til 1903 og Sarpsborg dei to siste periodane. I 1899 vart han utnemnd til embetet som stempelpapirforvaltar.

Alt i sin andre stortingsperiode (1889–1891) vart Carl Berner vald til parlamentarisk leiar for det «reine» Venstre. Partiet trong ein «vikar» for den eigentlege leiaren, Johannes Steen, som hadde falle gjennom ved valet i 1888. Carl Berner syntest å vere vel skikka til oppgåva. Han hadde merkt seg ut som ein dyktig parlamentarikar, men samtidig hadde han halde ein låg profil under det skismaet som hadde kløyvt partiet, og han var framleis på talefot med dei utskilde moderate. Carl Berner kunne gå inn i rolla som brubyggjar, ei rolle som følgde han gjennom heile hans parlamentariske liv.

Carl Berner viste sine taktiske evner då han berga Venstre ut av det traumatiske forholdet til Johan Sverdrup, som dei «reine» korkje hadde tillit til eller lyst til å fella med Høgres hjelp. Då Høgre stilte mistillitsframlegg i 1889, sette Berner så harde vilkår for å stø eit rekonstruert Sverdrup-ministerium at kongen valde å gje regjeringa avskil og overlata styret til høgreleiaren Emil Stang.

Men Carl Berners namn er særleg knytt til regjeringskrisa to år seinare. Den «Bernerske dagsorden» som han la fram og som Stortinget vedtok 23. februar 1891, vart ein merkestein både i norsk unionspolitikk og i parlamentarismens historie. Vedtaket sette kravet om eigen norsk utanriksminister indirekte på den politiske saklista og avviste alle unionelle ordningar som kunne stå i vegen for det. Dagsordenen var retta mot ei semje som Emil Stangs regjering hadde fått i stand med svenskane, og hadde ei form som provoserte Stang til å stilla kabinettsspørsmål på saka. For første gong vart ei parlamentarisk regjering felt med ei votering i Stortinget.

Statsråd og stortingspresident

Berner var ikkje opphavsmannen til den nye unionspolitiske kursen som vedtaket varsla. Den var staka ut på Venstres landsmøte ein månad tidlegare. Han var heller ikkje eineforfattar til ordlyden i framlegget. Innsatsen hans låg i den endelege redaksjonen, som var eit meisterstykke i politisk formuleringskunst og som tilfredsstilte både ulike meiningsgrupper i Venstre og dei moderate.

I regjeringa som Johannes Steen skipa etter Stangs avgang, fungerte Carl Berner først som medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, sidan som sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Som departementssjef etterlet han seg eit lite positivt omdøme; han fekk ikkje sakene unna. Det var i Stortinget Carl Berners evner kom til sin rett.

Som statsråd i åra 1891–1893 og frå 1895 på nytt som stortingsrepresentant, stod han konsekvent på den unionspolitiske lina som var trekt opp i den «Bernerske dagsorden»: Eigen norsk utanriksminister var eit framtidsmål, men ikkje eit dagsaktuelt krav. Eige norsk konsulatvesen såg Berner derimot som «en ypperlig Sag at berede Slag paa», men ho måtte ikkje blandast saman med utanriksministerspørsmålet. I januar 1903 stadfeste Stortinget dette standpunktet i ein ny «Bernersk dagsorden» før sluttfasen av dei norsk-svenske forhandlingane om konsulatsaka.

Unionsoppløysinga

Som stortingspresident i 1898–1909 og ordførar for spesialkomiteen som i 1905 førebudde einsidig norsk aksjon i konsulatsaka, spela Carl Berner ei sentral rolle under unionsoppløysinga. Høgdepunktet i hans politiske karriere kom 7. juni, då han frå presidentplassen proklamerte at unionen var oppløyst. Også i 1905 var oppgåva hans å finna samlande formlar som kunne tåla sakleg, logisk og juridisk prøving. Andre skreiv utkasta til innstillingar og vedtak, Berner granska og redigerte dei. Særleg nært var samarbeidet mellom han og statsminister Christian Michelsen.

Under Karlstadforhandlingane var han ein av Noregs delegerte, formann i stortingsdeputasjonen til København i november 1905 i samband med kongevalet, og medlem av Stortingets kroningsdeputasjon i 1906.

Parlamentarisk leiar

Carl Berner var parlamentarisk leiar for Venstre i fleire periodar. Innanfor Venstres partiorganisasjon hadde han derimot ingen framskoten plass før han vart formann i 1903. Venstre var då i ein trengd posisjon med fare for utbrot, særleg på høgrefløya. Med sin moderate profil i sosialpolitikken og forhandlingsvilje i unionskonflikten syntest Carl Berner å vere veleigna til å døyva uroa i partiet.

Men Berners stilling som partiførar vart lite anna enn ein formalitet. Han viste korkje evne eller vilje til å ta leiinga i den store og splitta venstregruppa etter valet i 1906. Trongen han hadde til å søkja kompromiss med Christian Michelsens regjering, isolerte han frå det fleirtalet i partiet som etter kvart følgde Gunnar Knudsens opposisjonelle kurs. Han leia aksjonen mot Jørgen Løvlands regjering, som førte til dennes avgang i 1908. Han vart likevel ståande i det «konsoliderte» Venstre etter den formelle splittinga i 1908, men som partiformann var tida hans ute. Gunnar Knudsen overtok roret i Venstre. Ved valet i 1909 stilte Berner som venstrekandidat i Nedre Romerike krins, men tapte og trekte seg ut av det politiske livet.

Medlemskap og utmerkingar

Også utanfor Stortinget hadde Carl Berner ei rekkje ombod. Han var mellom anna medlem i styret for Nansenfondet, i Stortingets nobelkomité og i styret for Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring. Han var den første formannen i Nordmannsforbundet.

Carl Berner vart tildelt fleire ordenar og medaljar: storkrossen av St. Olavs Orden, storkrossen av Dannebrogordenen, storkrossen av den franske Æreslegionen, 7. juni-medaljen og kroningsmedaljen.

Død og ettermæle

Carl Berner døydde 25. mai 1918 og blei gravlagd på Vestre gravlund i Oslo.

Berner fekk ry som brubyggjar mellom skilde meiningar både i eige parti og på tvers av partiskilja. Som «7. juni-president» personifiserte han det nasjonale samhaldet i 1905, men forsøka hans på å byggja bruer også i det barskare klimaet etterpå vart hans politiske bane.

Eit måleri av Berner, utført av Christian Krohg, heng i Stortinget. Carl Berners arkiv er oppbevart i Riksarkivet (privatarkiv nr. 209)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Berner. En norsk slekt i 300 år, utgitt av Slektsforeningen Berner, (1984)
  • Castberg, Johan (1953): Dagbøker 1900–1917, bind 1
  • Danielsen, Rolf (1964): Det Norske Storting gjennom 150 år, bind 2
  • Keilhau, Wilhelm (1918): «Carl Berner», i Samtiden
  • Løvland, Jørgen (1923): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 1
  • Mjeldheim, Leiv (1984): Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, Bergen/Oslo
  • Mjeldheim, Leiv (1999): biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 1
  • Nordby, Trond (1983): Venstre og samlingspolitikken
  • Stang, Fredrik (1946): Erindringer fra min politiske tid
  • Statsråd Edvard Hagerup Bulls dagbøker fra 1905, (1955)

Faktaboks

Carl Berner
Historisk befolkingsregister-ID
pf01038027025664

Kommentarar (2)

skreiv Sverre Myrli

Under bildet av Berner fra stortingssalen står det: «Stortingspresident Carl Berner (1841–1918) på talarstolen. Portrett frå 1905.».
Berner står ikke her på talerstolen, men på presidentplassen i stortingssalen.

svarte Ida Scott

Takk, dette er nå retta opp. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg