Karotenoid

Karotenoid er gule, oransje og raude organiske pigment som blir laga av plantar, algar og fleire bakteriar, arkar and soppar.[1] Karotenoid gjev den karakteristiske fargen til graskar, gulrot, pastinakk, mais, tomatoes, kanarifuglar, flamingoar, laks, hummar, reker og påskeliljer. Over 1 100 identifiserte karotenoid kan bli vidare delte inn i to klassar – xanthofyll (som inneheld oksygen) og karoten (som er reine hydrokarbon og ikkje inneheld oksygen).[2]
Alle er avleiinger av tetraterpen, som tyder at dei er produserte frå 8 isopreneiningar og inneheld 40 karbonatom. Vanlegvis absorberer karotenoid bølgjelengder som varierer frå 400 til 550 nanometer (fiolett til grønt lys). Dette gjer at sambanda blir djupt gule, oransje eller raude. Karotenoid er det dominerande pigmentet i haustfargar av rundt 15-30 % av treartar,[3] men mange plantefargar, særleg raud og lilla, er på grunn av polyfenol.

Karotenoid har to viktige roller i plantar og algar: dei absorberer lysenergi til bruk i fotosyntese, og dei gjev fotoproteksjon (vern mot skadar frå sollys).[4] I auget finst lutein, meso-zeaxanthin og zeaxanthin som makulære pigment som har ein viktig funksjon i auget.[3][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nelson, David L.; Cox, Michael M. (2005). Principles of Biochemistry (4th utg.). New York: W. H. Freeman. ISBN 0-7167-4339-6.
- ↑ Yabuzaki, Junko (1. januar 2017). «Carotenoids Database: structures, chemical fingerprints and distribution among organisms». Database (på engelsk) 2017 (1). PMC 5574413. PMID 28365725. doi:10.1093/database/bax004.
- 1 2 «Carotenoids». Micronutrient Information Center, Linus Pauling Institute, Oregon State University. Henta 17. april 2019.
- ↑ «Carotenoids 2: Genetics and molecular biology of carotenoid pigment biosynthesis». FASEB J. 10 (2): 228–37. 1996. PMID 8641556. doi:10.1096/fasebj.10.2.8641556.
- ↑ Bernstein, P. S.; Li, B; Vachali, P. P.; Gorusupudi, A; Shyam, R; Henriksen, B. S.; Nolan, J. M. (2015). «Lutein, Zeaxanthin, and meso-Zeaxanthin: The Basic and Clinical Science Underlying Carotenoid-based Nutritional Interventions against Ocular Disease». Progress in Retinal and Eye Research 50: 34–66. PMC 4698241. PMID 26541886. doi:10.1016/j.preteyeres.2015.10.003.
- Denne artikkelen bygger på «Carotenoid» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2026.
