close
Hopp til innhald

VK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
VK
BERJAYA
Type nettstadnettsamfunn, nettstad, musikkstrømmetjeneste, nettsamfunn
Tilgjengeleg pårussisk
Grunnlagd10. oktober 2006
HovudkontorSinger House
OpphavslandRussland
EigarVK
Nettstadvk.com

VK (tidlegare kjent som VKontakte, russisk Вконтакте) er eit russisk nettsamfunn som har oppnådd stor popularitet i den russiskspråklege delen av verda. Her kan brukarar registrera seg med namn, bilete, interesser og annan informasjon. Nettstaden blei lansert av Pavel Durov i 2006 og hadde i 2013 over 200 millionar brukarkontoar og eit gjennomsnitt på rundt 45 millionar daglege vitjande.[1]

VK blei raskt populært i den russiskspråklige delen av verda og allereie i 2007 passerte dei ein millionar brukarkontoar. I februar 2013 passerte nettstaden 200 millionar brukarkontoar og hadde eit gjennomsnitt på 45 millionar vitjande.[2][1] Ahn var i april 2013 det nest meste vitja nettstaden i Russland og låg på 24. plass dei mest vitja nettstadane i verda.[3] VK er av enkelte blitt omtalt som «den russiske varianten av Facebook».[4]

I 2011 flytta nettstaden frå eit russisk til eit internasjonalt domene, og endra samtidig namn frå VKontakte til VK.[5]

  1. 1 2 Liveinternet - Statistikk for VK (31.3.2013)
  2. VK brukerkontoer (arkivert versjon fra februar 2013)
  3. Alexa ranking (april 2013), arkivert frå originalen 28. juli 2013, henta 21. august 2021
  4. Aftenposten - Nå vil titusener trosse Putin (8.12.2011) «Mandagens demonstrasjon ble preget av et av de største oppmøtene på flere år, anslått til mellom 5000 og 15000. Det tilskrives i stor grad bruk av sosiale medier som Facebook, Twitter og Vkontakte, den russiske varianten av Facebook»
  5. Russlands stemme - Vkontakte begynner å sende personlige meldinger (28.7.2011)[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: VK