Nouakchott
| Nouakchott | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 1 000 km² | ||
| Folketal | 1 446 761 (2023)[1] | ||
![]() Nouakchott 18°05′09″N 15°58′43″W / 18.08581°N 15.9785°W | |||
| Wikimedia Commons: Nouakchott | |||
Nouakchott (arabisk نواكشوط, berbisk Nwakcoṭ) er hovudstaden og den største byen i Mauritania. Byen ligg på eit platå rundt 4 kilometer frå kysten av Atlanterhavet, i ytterkanten av Sahara.[2] Han er ein av dei største byane i Sahara.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nouakchott blei grunnlagd i 1903 langs handelsvegen mellom nord og sør, der nordområda var rike på mineral og sørområda var fruktbare med jordbruk.[2] Busetnaden var framleis på storleik med ein landsby då han blei gjort til mauritansk hovudstad 1957.[2] Periodar med tørke har ført til stor tilflytting til byen.[2]
Djupvasshamna nær byen, Port de l'Amité, blei bygd på 1980-talet.[4] Det blir drive eksport frå denne hamna av råolje og kopar.[2] Byen har også ein del industri, blant anna raffinering av sukker.[2] Nasjonalmuseet i landet, to større moskear og eit universitet frå 1981 ligg i Nouakchott.[2] Byen har også ein internasjonal flyplass.[2]
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Nouakchott er delt inn i tre administrative regionar (wilayat) som er leidde av guvernørar utnemnde av den sentrale styresmakta. Kvar region er delt inn i tre department (moughataa):
- Nouakchott-Nord (Nouakchott nord): Dar-Naim, Teyarett, Toujouonine
- Nouakchott-Ouest (Nouakchott vest): Ksar, Sebkha, Tevragh-Zeina
- Nouakchott-Sud (Nouakchott sør): Arafat, El Mina, Riyad
Nouakchott var opphavleg eit distrikt, men blei ein mauritansk region i 1990.[5] 25. november 2014 blei denne delt inn i dei tre noverande regionane.[6] Den tidlegare guvernøren av Nouakchott, Mahi Ould Hamed, blei den fyrste guvernøren av Nouakchott-Nord.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Kallet til utdatamalen ville mangla den påkravde parameteren
url. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P123, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Kallet til utdatamalen ville mangla den påkravde parameteren
- 1 2 3 4 5 6 7 8 «Nouakchott». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024.
- ↑ «The Sahara: Facts, Climate and Animals of the Desert». Live Science. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 21. november 2016.
- ↑ Law, Gwillim. «Regions of Mauritania». Statoids. Arkivert frå originalen 27. juni 2015. Henta 14. juni 2015.
- ↑ «Mauritanie: la capitale Nouakchott, sera découpée en trois wilayas». Alakhbar. 26 November 2014. Arkivert frå originalen 16. oktober 2015. Henta 14. juni 2015.
- ↑ «Les trois wali de Nouakchott connus». le calame. 12 December 2014. Arkivert frå originalen 14. februar 2015. Henta 14. juni 2015.

