Internettbokmerke
Internettbokmerke er lagra adresser til nettstader. Slike «bokmerke» blir ofte lagra på ein disk av ein nettlesar slik at ein lett kan finne att ei nettside. Bokmerke blir ofte sorterte i mapper, og kan ofte også merkast (taggast) etter tema. I tillegg til lokal bokmerkebehandling i nettlesaren finst det også andre applikasjonar og tenester som gjev bokmerkefunksjonalitet.
Nettlesarar har kunna lagra bokmerke sidan ViolaWWW frå 1992,[1] og Mosaic frå 1993.[2] Bokmerkelister blei kalla Hotlists i Mosaic[3] og i tidlege versjonar av Opera.
I 1996 blei dei første felles bokmerkeprosjekta utvikla, men «sosial» bokmerking ved nettstader som Digg og Del.icio.us blei først utbreidd rundt 2005. I 2004 innførte Mozilla Firefox dynamiske bokmerke som kunne oppdaterast av vevstraumar som RSS eller Atom. Mozilla fjerna denne funksjonen i 2018.[4]
Bokmerke har også vore kjende som «Hotlists» og «Favorittar».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Berners-Lee, Tim (03.11.1992). «A quick look at ViolaWWW». Henta 29.03.2022.
{{cite web}}: Check date values in:|access-date=og|date=(hjelp) - ↑ "New X-based information systems browser available.", post til comp.infosystems av Marc Andreessen den 16. februar 1993
- ↑ "May World-Wide Web News" i 1993 av Tim Berners-Lee
- ↑ «Firefox 64.0, See All New Features, Updates and Fixes». Mozilla (på engelsk (USA)). 11.12.2018. Henta 12.12.2018.
{{cite web}}: Check date values in:|access-date=og|date=(hjelp)
