close
Hopp til innhald

Børsemakar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BERJAYA
Børsemakar frå 1500-talet.
BERJAYA
Moderne finsk børsemaker

Ein børsemakar er ein handverkar som lager eller reparerer skytevåpen. Børsemakarar arbeider med tre, stål og kunststoff og produserer, reparerer, justerer og tilpassar våpen.

Børsemakar er ein verna tittel i Noreg.[1] Utdanninga er to år på skule og to år i lære. Ho høyrer til utdanningsprogrammet Teknologi- og industrifag.[2] Fyrste skoleåret er Vg1 Teknologi- og industrifag og andre skuleåret er Vg2 Børsemakar.[3] Det er berre Gauldal vidaregåande skule som har utdanning for børsemakarar i Noreg.[4] Skulen har også tilbod om Vg3 på skulen.[3]

Børsemakerfaget er med på Utdanningsdirektoratet si liste over små handverksfag.[5] Dette gjer blant anna at verksemder innan faget får utvida støtte frå fylkeskommunen når dei tek inn nye lærlingar.[6]

  1. «Børsemaker», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 2025-08-09
  2. «Børsemakerfaget», www.udir.no (på norsk bokmål), henta 2025-08-09
  3. 1 2 «Børsemaker», web.trondelagfylke.no (på norsk bokmål), henta 2025-08-09
  4. Skjelde, Atle (2023-04-27), «Som børsemaker er du attraktiv på arbeidsmarkedet.», jaktogfiske.njff.no (på norsk bokmål), henta 2025-08-09
  5. «Små håndverksfag, 2009», www.udir.no (på norsk bokmål), 03.03.2009, henta 2025-08-09 {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)
  6. «Informasjon til bedrifter som tar inn lærlinger og lærekandidater», udir.no, 29.01.2016, arkivert frå originalen 2016-06-10 {{citation}}: Check date values in: |dato= (hjelp)