close
Hopp til innhald

Amersfoort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amersfoort
by
BERJAYA
BERJAYA
Flagg
BERJAYA
Våpenskjold
Land BERJAYA Nederland
Provins Utrecht
Areal 63,86 km²
Folketal 157 462 (1. januar 2021)[1]
Kart
Amersfoort
52°09′N 5°23′E / 52.15°N 5.38°E / 52.15; 5.38
Kart som viser Amersfoort.
Kart som viser Amersfoort.
Kart som viser Amersfoort.
Wikimedia Commons: Amersfoort

Amersfoort er ein kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht. Med om lag 160 000 innbyggjarar er han den nest største kommunen i provinsen.

Det er funne busetnader rundt Amersfoort som går tilbake til rundt 1000 f.Kr., men namnet Amersfoort (kall opp etter ein vadestad over elva Amer, som i dag heiter Eem) dukka først opp på 1000-talet. Han fekk byrettar i 1259 av biskopen av Utrecht Hendrik van Vianden. Det vart bygd bymurar rundt år 1300, men byen voks raskt og alt i 1380 måtte bymurane utvidast, og desse stod ferdig rundt 1450. Porten Koppelpoort er ein del av denne muren.

BERJAYA
Koppelpoort i Amersfoort.

Onze-Lieve-Vrouwentoren (Vår Frue sitt tårn) er eit av dei høgaste kyrkjetårna i Nederland med ei høgd på 98 meter. Bygginga av tårnet og kyrkja byrja i 1444. Kyrkja vart øydelagd i ein eksplosjon i 1787, men tårnet overlevde.

Den indre byen av Amersfoort har vorte godt bevart sidan mellomalderen, og bortsett frå Onze-Lieve-Vrouwetoren er dei største attraksjonane kyrkja Sint-Joris, Koppelpoort og Muurhuizen (Murhusa), som vart bygd langs den eldste bymuren.

I mellomalderen var Amersfoort eit viktig senter for tekstilindustri og det var mange bryggeri i byen. På 1700-talet blømde byen på grunn av dyrking av tobakk.

Under den andre verdskrigen låg det ein konsentrasjonsleir nær byen Amersfoort.

  1. «Kerncijfers wijken en buurten 2021». Centraal Bureau voor de Statistiek. 6. august 2021.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Amersfoort