close
Hopp til innhald

Adamstown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adamstown
by
BERJAYA
Land BERJAYA Storbritannia
Biland Pitcairn
Areal 4,8 km²
Folketal 50 (2019)
Folketettleik 10 / km²
Kart
Adamstown
25°04′00″S 130°06′00″W / 25.066666666667°S 130.1°W / -25.066666666667; -130.1
Wikimedia Commons: Adamstown

Adamstown er hovudstad og den einaste busetnaden på Pitcairn, som høyrer til Storbritannia. I 2023 hadde Adamstown eit folketal på 35. Dette er også heile busetnaden på Pitcairnøyane, ettersom dei andre øyane i øygruppa er folketomme. Medan alle innbyggjarane bur i Adamstown, dyrkar dei mat på andre delar av Pitcairn.[1]

Adamstown ligg sentralt på nordsida av Pitcairn, mot Stillehavet og i nærleiken av Bounty Bay. Dette er den einaste hamna på øya.

Adamstown har tropisk regnskogklima (Af) under Köppen si klimaklassifisering. Klimaet er vått og svært varmt med ei gjennomsnittleg nedbørsmengd på 1 543 millimeter per år. Den våtaste månaden er desember. Temperaturen varierer ikkje mykje gjennom året.

Vêrdata for Pitcairn Island (1972–2004)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 31,2 32,4 33,3 30,7 29,1 31,3 26,7 26,7 25,5 27,8 27,6 29,3 33,3
Gjennomsnittleg maks °C 25,7 26,2 26,1 24,6 22,9 21,7 20,8 20,6 21 21,8 22,9 24,2 23,2
Døgnmiddeltemperatur °C 23,3 23,8 23,8 22,5 20,9 19,7 18,8 18,5 18,8 19,6 20,7 22 21
Gjennomsnittleg min °C 21 21,4 21,5 20,3 18,9 17,8 16,9 16,5 16,6 17,4 18,6 19,8 18,9
Lågast målte °C 16,9 18 12,8 15 14,2 11,7 11,4 11,6 10 10,2 13 13,5 10
Gjennomsnittleg nedbør mm 96,5 132,7 107,8 114,8 111,9 152,8 139 131,6 134,5 143 120,4 157,7 1 542,7
Kjelde 1: NOAA[2]
Kjelde 2: KNMI (nedbør)[3]

Historia til Pitcairnøyane byrjar med polynesisk busetnad på 1000-talet. Polynesiarane grunnla ein kultur her som bløma i fire hundreår og deretter forsvann. Pitcairn blei folkesett att i 1790 av ei gruppe britiske mytteristar frå HMS «Bounty» og tahitiarar. Adamstown har namn etter den siste overlevande mytteristen, John Adams.

  1. www.lareau.org/pitc.html Arkivert 25. juli 2006 ved Wayback Machine.
  2. «PITCAIRN ISLAND C, PC». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 5. januar 2023.
  3. «Time series: monthly PITCAIRN IS. (UK) GHCN v2 precipitation (all)». Royal Netherlands Meteorological Institute. Henta 5. januar 2023.