Carl Abraham Pihl var ein norsk ingeniør som gjorde stor innsats for utviklinga av dei fyrste norske statsjernbanane. Han var jarnbanedirektør frå 1865 og direktør for baneavdelinga i Norges Statsbaner frå starten i 1883.
Pihl vart utdanna i Sverige og Storbritannia. Hans fyrste jernbaneengasjement i Noreg var som seksjonsingeniør ved Hovedbanen fram til 1854, og frå 1858 vart han sjef for det nye Statens Jernbaneanleggs Hovedkontor. Deretter vart han teknisk sjef for Noregs jernbanebygging i 1865 og direktør for Statsbanenes baneavdeling 1883.
Pihl gjekk inn for smalspora jernbanar som han meinte passa betre for norsk natur og økonomi, noko som førte til at det vart bygd meir jernbane raskare. For dette vart han etter kvart sterkare kritisert både fagleg og politisk. Kampen om sporvidda kulminerte med Stortingets vedtak i 1898, om at Bergensbanen skulle ha normalspor. Det var året etter hans død. Internasjonalt vart smalspora jernbanar vart bygde i mange land og ofte gjeve namnet CAP-spor etter Pihls initialar.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.