close
Hopp til innhald

Statsråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statsråd er den offisiele neminga av ein minister som møtar i Statsrådet i Noreg.

Den norske grunnlova § 28 seier at det er viktige saker som vert avgjort av Statsrådet. Døme på dette kan vere nådesaker, tilsetting i embete, lovproposisjonar, løyvingssaker, stortingsmeldingar, provisoriske anordningar og saker der kongen er tillagt avgjerdsmakt. Andre viktige saker etter skjønn kjem opp i statsråd. Saker som er oppe i statsråd vert underlagt kontroll av Stortinget gjennom deira kontroll av protokollane.[1]

Det er aldri diskusjon i statsråd. Diskusjonen tas i regjeringskonferanse, eller «førebuande statsråd», før møtet hos Kongen. Kongen kan likevel stille spørsmål om sakene.[2]

  1. regjeringen.no (26. november 2014), «Statsråd», Regjeringen.no (på norsk bokmål), henta 2. april 2026
  2. «Statsråd», www.kongehuset.no, henta 2. april 2026