close
Hopp til innhald

Olafur Eliasson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olafur Eliasson
BERJAYA
StatsborgarskapKongeriket Danmark, Island, Tyskland
Fødd5. februar 1967 (59 år)
København
Yrkebiletkunstnar, bilethoggar, scenograf, fotograf, installasjonskunstnar, kunstnar, produksjonsdesigner, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, musikar, landskapsarkitekt, light artist
Sjangerabstrakt kunst, kunstinstallasjon
Medlem avAkademie der Künste Berlin[*], Royal Academy of Arts
Olafur Eliasson på Commons
BERJAYA
Relieffvegger rundt toaletta i Operahuset i Oslo beståande av eit logisk og dynamisk geometrisk mønster laga av Olafur Eliasson.
Foto: Hans A. Rosbach

Olafur Eliasson (fødd 1967 i København, Danmark) er ein islandsk-dansk biletkunstnar. Frå 1989 til 1995 studerte han ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Arbeidet hans er representert i mange private og offentlege samlingar, inkludert i Guggenheim Museum i New York og Los Angeles Museum of Contemporary Art. Han har laga relieffvegger ved toaletta i Operahuset i Oslo.[1] Han har også teikna den karakteristiske fasaden til konsert- og operahuset Harpa i Reykjavík som opna i 2011.

Med utstillinga si The Weather Project i Tate Modern i London i 2003 markerte han nordisk kunst på Dei britiske øyane. Same året representerte han Danmark på Veneziabiennalen. Eliasson bur og arbeider i den tyske hovudstaden Berlin. I 2008 fekk installasjonen «New York City Waterfalls» brei omtale, mellom anna i tidsskriftet Newsweek.[2] Installasjonen bestod av fire fossar i New York City og varte frå 26 juni til 13. oktober 2008

Eliasson har teikna den nye Cirkelbroen i København over Christianshavns kanal. I Noreg er Eliasson representert med kunstverket Viewing Machine ved skulpturparken til Kistefos-Museet.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Lars Elton: VG-dom over operakunsten Artikkel i VG onsdag 9. april 2008, side 40-41
  2. Artikkel i tidsskriftet Newsweek om Urban Waterfalls
  3. Nykredits Arkitekturpris Arkivert 22. oktober 2013 på Wayback Machine.
  4. Samtliga mottagare av Prins Eugen-medaljen[daud lenkje] Det svenske kongehuset.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Olafur Eliasson