Hopi
Utsjånad
| Hopi Hopílavayi | ||
| Klassifisering | Uto-aztekisk Hopi | |
| Bruk | ||
| Tala i | USA | |
| Område | Nordaustlege Arizona | |
| Hopitalande i alt | 5 260 (2000) | |
| Skriftsystem | Latinske bokstavar | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3 | hop | |
Hopi er eit uto-aztekisk språk som blir tala av hopiar i nordaustlege Arizona og nokre stader i Utah og New Mexico i USA.
Språket har rundt 5000 talarar som beherskar det på morsmålsnivå. Bruken har gått ned i løpet av 1900-talet. Rundt 75 % av hopifolk kan snakka hopi.
Hopi er del av pueblo-språkbunten saman med kiowa-tanospråk, keres, zuñi og navaho.
Annan bruk av hopi
[endre | endre wikiteksten]Hopiord har gjeve namn til filmane Koyaanisqatsi ('ubalansert liv'), Powaqqatsi ('parasitt-liv') og Naqoyqatsi ('krigsliv'), ein trilogi regissert av Godfrey Reggio og tonesett av Philip Glass.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hopi language» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.
