close
Hopp til innhald

Addlestone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Addlestone
by
BERJAYA
St. Paul's kyrkje i Addlestone.
Foto: Michael Ford
Land BERJAYA England
Region Surrey
Distrikt Runnymede
Areal 4,87 km²
Folketal 15 883
Postnummer KT15
Retningsnummer 0 1932
Kart
Addlestone
51°22′10″N 0°29′24″W / 51.3695°N 0.4901°W / 51.3695; -0.4901
Wikimedia Commons: Addlestone

Addlestone er ein by i Surrey i England, omtrent midtveges mellom Weybridge og Chertsey. Han er administrasjonssenter for distriktet Runnymede. Byen ligg nær kryss 11 på ringvegen M25, og har jernbanesambans til London frå Addlestone stasjon.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder truleg Attels dal, det vil seie ein dal som var eigedomen til ein person ved namn Attel. I 1241 er staden nemnd som «Attelsdene» og i 1610 er han oppført på kartet til John Speede som «Adleston».

Fram til jarnbana kom i 1848 var Addleston ikkje så mykje meir enn ei klynge småhus rundt The George, det eldste vertshuset i byen. På grunn av nærleiken til Weykanalen frå det 1600-talet og Basingstokekanalen frå 1700-talet voks det fram noko industri der. Det viktigaste føretaket var Coxes Lock mølle, ei vassmølle som dreiv eit jernverk på 1700-talet.

I 1838 vart det bygd ei kyrkje i Addlestone, og i 1857 vart eit eige sokn oppretta. Det kom meir industri til byen, blant anna Louis Blériot sin flyfabrikk.

I H.G. Wells-boka Klodenes krig landa det andre av ti romskip på Addlestone Golf Links.

Croach Oak er eit eiketre som står i Addlestone. Det blir sagt å vere eit av dei eldste i England. Treet var lenge kjent som Wycliffe's Oak, etter John Wyclif som skal ha halde preiker på staden, utan av det er kjent om han verkeleg gjorde det. I 1810 vart det sett opp eit gjerde rundt det, fordi lokale ungjenter reiv av bork for å lage ein kjærleiksdrykk og dermed nesten tok livet av treet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Addlestone