Ola Five var ein norsk lærar, politikar for Venstre og skyttarlagsorganisator. Han var hovudmannen bak folkevæpningsrørsla i 1880-åra. Seinare vart namnet hans uløyseleg knytta til det organiserte skyttarvesenet, der han hadde framståande leiarposisjonar i nærare 40 år.
Ola Five
Faktaboks
- Fødd
- 21. mai 1846, Stod (seinare Steinkjer kommune)
- Død
- 26. april 1930, Steinkjer
- Virke
- Lærar, gardbrukar, politikar og skyttarleiar
- Familie
-
Foreldre: Lærar, klokkar og gardbrukar Ole Larsen Sunde og Olava Andersdatter Kirkol.
Gift i 1876 med Charlotte Mortensdatter Elden (1850–1925), dotter av gardbrukar Morten Christoffersen Elden og Barbro Anfindsdatter.
Bakgrunn
Five voks opp på garden Østre Five i Stod i Steinkjer. Han tok eksamen ved Klæbu lærarseminar i 1865 og var deretter lærar i Beitstad frå 1866 og på Tranøy frå 1866 til 1870. Han vart vernepliktig offiser i 1872, og i 1876 avla han – etter å ha fått fritak frå å ta examen artium – cand.real.-eksamen med toppkarakter.
Same år vart han tilsett som styrar for amtsskulen i Inntrøndelag, ei stilling han hadde fram til 1892. Skulen flytta frå bygd til bygd (omgangsskule), og Five vart ikkje berre godt kjend med folket, men også svært godt likt. I nokre år var han òg gardbrukar i Verdal, på garden Søre Hallem, som han kjøpte i 1889. Han flytta frå Verdal i 1892, då han vart tilsett som lærar ved Kristiansands seminar. Året etter selde han garden.
Skyttar og folkevæpnar
Allereie som ungdom var Five ein god skyttar. I heimbygda Stod stifta han skyttarlaget Mjølner, og frå kring 1870 var han med i Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug. I slutten av 1870-åra arbeidde Five energisk for ei reform av den sentralstyrte Centralforeningen. Då dette ikkje lukkast, byrja han å arbeide for ein heilt ny organisasjon på breitt folkeleg grunnlag og med eit vidare mål: «Folket i våpen».
Då Indtrøndelagens og Namdalens folkevæbningssamlag vart stifta i 1881, var det heilt og fullt etter Fives initiativ og forslag. Også namnet «folkevæbningssamlag» var hans idé. Etter kvart kom fleire folkevæbningssamlag til, og i 1882 vart det nedsett eit fellesstyre for Folkevæbningen, med Five som formann. Under dekke av skyttarlagsaktiviteten, fungerte dette som ein folkemilits som Venstre hadde i bakhand om det skulle tilspissa seg til i riksrettskampen.
Då Centralforeningen og Folkevæbningen i 1893 vart slått saman til Det frivillige skyttervesenet, vart Five den naturlege formannen for den nye organisasjonen. Han hadde det store tillitsvervet fram til 1908, då han gjekk av for å overta stillinga som kontorsjef for Skyttervesenet. No vart altså styreformannen dagleg leiar for den samla skyttarhæren i landet. Allereie i 1896 hadde han elles sagt opp den sikre stillinga si som lærar, for å bli DFS-formann på heiltid med ei svært beskjeden godtgjersle.
Han arbeidde som kontorsjef fram til 1919, då han trekte seg tilbake, 73 år gammal. Det hadde då gått 38 år sidan han stifta det fyrste folkevæbningssamlaget i landet. Han hadde vore ein kampens mann, og det er skrive at «knapt noen person i dette land er, på samme tid, blitt så forgudet av sine tilhengere og hatet av sine motstandere».
Politikar
Five var òg politikar. Medan han budde i Verdal, vart han vald inn både i heradsstyret og i skulestyret, og han vart òg lansert som ordførarkandidat. Han var stortingsrepresentant for Venstre i Nordre Trondhjems amt i perioden 1900–1903 og vararepresentant i til saman tolv år.
Five var òg målmann, ein ivrig talsmann for nynorsk som skriftspråk. Han interesserte seg sterkt for Det Norske Samlaget, samtidig som han var med i den fyrste byggjekomiteen for Det Norske Teatret og i styret for bladet Den 17de mai. Frå 1880-åra og fram til den første verdskrigen personifiserte han det sterke sambandet mellom målsaka og skyttarsaka.
Då han vart pensjonist i 1919, stifta han Nord-Trøndelag historielag. Han sat lenge som formann for laget og redigerte årbøkene.
Heidring
I 1914 vart Ola Five tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Han var òg innehavar av Det frivillige skyttervesenets fortenestemedalje. På Steinkjersannan reiste nordtrønderske skyttarar ein bauta over han. Ved avdukinga sa dåverande formann i Noregs skyttarstyre, Ole Tobias Olsen, mellom anna: «La steinen bli Inntrøndelagens mest lysende trofé, og la oss alle fra steinen hente noe av Ola Fives ånd, så vil intet offer anses for stort, når det gjelder arbeidet for fedreland, dets forsvar og velferd.»
Då Ola Fives arbeidsdag i Skyttervesenet var over, flytta han tilbake til Inntrøndelag og busette seg i Steinkjer. Han døydde i 1930, nær 84 år gammal.
Five oppretta Fivefondet våren 1916 (stadfesta av Sosialdepartementet i 1917) med ein midel på 2550 kroner. Fondet er seinare auka med nye gåver, og var i 2015 på om lag 180 000 kroner. Fondet har som føremål «å stydja medlemer av Studentmållaget til å få gjeve ut skrifter, serleg umsetjingar av framande bokverk eller arbeid um framande bokverk og bokmenner på norsk [nynorsk].»
Utgivingar
- Mjølner skyttarlag i Inntrøndelag. 30. juli 1871 – 30. juli 1921. Eit minneblad, Steinkjer 1921
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Jorsett, Per (2001): biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve, bind 3
- Veimo, Morten (1993): Skyttersaken i Inntrøndelag og Namdal
- Vigander, Haakon Sverresøn (1929): biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve, bind 4
- Ystgaard, Hans-Magnus (1998): Ola Five. Best å vera budd! Nasjonalbygging og frigjøring. Steinkjer: Egge museum. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
- Aarset, Ane-Charlotte Five (2005): Skyttergeneralen Ola Five. Høvik: Kolofon

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.