Botn
Utsjånad
Ein botn er ein breerodert dal som ser ut som eit amfiteater. Botnane blir erodert av botnbrear, og er vanlege landformer i Noreg. Dei finst særleg på høgfjellet, som Rondane og Jotunheimen, men kan også opptre nær havet, som i Lofoten.[1]
Botnar kan bli danna på stader det ellers ikkje er brear på grunn av lokale klimaforhold, gjennom fryse- og tineprosessar. Typiske botnar på den nordlege halvkula ligg i eit skuggeparti på ei nordvest-vendt fjellside og i le for den vanlege vindretninga, noko som gjer at snø samlar seg opp.
Viss breen trekkjer seg bakover eller forsvinn kan endemorena nedst i botnen demme opp ein liten innsjø.
«Botn» kan også visa til enden av ein fjord eller ein innsjø.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «botn» i Store norske leksikon, snl.no.
