close
et stort skip med mange kontainere stablet opp på og ved siden av hverandre. Båten ligger ved en kai hvor det er kraner
Konteinerskip fraktar store konteinarar som er stabla i høgda. Dei inneheld mange ulike varer.
Foto av kontainerskip
Av /Port of Rotterdam.
BERJAYA
Cruiseskip er store skip med plass til mange passasjerar. Dette skipet går regelmessige turar heilt til Nordpolen om sumaren. Om vinteren er skipet i Antarktis.
Foto av cruiseskipet Le Commandant Charcot
Lisens: CC BY SA 3.0

Skip er eit større fartøy som blir brukt til transport eller arbeid på vatn. Små fartøy blir vanlegvis kalla båtar.

Dei fleste skip blir drivne av motorar . Skip fraktar varer og menneske over lange avstandar og er viktige for handel og transport over heile verda.

Typar skip

Det finst mange ulike typar skip.

Passasjerskip fraktar menneske. Tidlegare gjekk mange passasjerskip i faste ruter mellom land og verdsdelar. I dag har fly overteke mykje av denne trafikken. Cruiseskip er framleis vanlege og blir brukte til feriereiser.

Tankskip fraktar flytande last. Det kan vere olje, gass eller kjemikaliar. Dei største tankskipa kan frakte fleire hundre tusen tonn last.

Kontainerskip fraktar varer i store kontainarar som blir stabla oppå kvarandre. Dei kan frakte alt frå mat og klede til maskinar og elektronikk.

Offshoreskip blir brukte til arbeid på havet. Dei kan frakte utstyr til olje- og gassfelt, hjelpe til ved havvindanlegg eller utføre andre oppdrag til sjøs.

Andre typar skip er ferjer, fiskefartøy, isbrytarar, krigsskip og slepebåtar.

Historie

BERJAYA
Vikingskip vart brukt til krig , handel og reiser, og gjorde det mogleg for vikingane å dra langt frå Norden. Skipa var lette og raske, og dei kunne både ros og seglast. Biletet viser Osebergskipet, stilt ut i Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo.
Foto av Osebergskipet.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Menneske har brukt skip i fleire tusen år. Dei gamle egyptarane brukte fartøy på Nilen, og fønikarane segla over store delar av Middelhavet for meir enn 2500 år sidan.

I romartida gjekk skip i faste ruter over Middelhavet og frakta varer mellom ulike hamner.

I Norden vart vikingskipa brukte i vikingtida og tidleg mellomalder. Dei kunne både seglast og roast. Vikingskipa vart brukte til handel, krig og reiser til nye område.

Frå 1400-talet og fram til byrjinga av 1900-talet var seglskuter dei viktigaste skipa i verdshandelen. I denne perioden utforska europearar nye delar av verda. Kompass og betre sjøkart gjorde det lettare å navigere over lange avstandar.

På 1900-talet tok damp- og motorskip over. Etter kvart vart skipa spesialbygde for ulike typar last, som olje, bilar og kontainarar. I dag fraktar skip det meste av varene som blir handla mellom land.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

BERJAYA
Gisle Solvoll
Professor, Nord universitet