Mainz
| Mainz | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Rheinland-Pfalz | ||
| Landkreis | Kreisfri by | ||
| Høgd | 85–285 m | ||
| Areal | 97,73 km² | ||
| Folketal | 222 889 (31. desember 2023)[1] | ||
| Postnummer | 55001–55131 | ||
| Retningsnummer | 06131, 06136 | ||
| Bilnummer | MZ | ||
![]() Mainz 49°59′58″N 8°16′25″E / 49.999444444444°N 8.2736111111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Mainz | |||
Mainz er ein by i Tyskland i delstaten Rheinland-Pfalz med om lag 220 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Rhinen der ho møter elva Main. Mainz har universitet, bispedømmesete og fleire fjernsyns- og kringkastingsorganisasjonar. Dei største nabobyane er Wiesbaden, Darmstadt og Frankfurt am Main.
Mainz utgjer eitt av dei fem store bysentera i Rheinland-Pfalz.
Folketalet passerte i byrjinga av 1900-talet 100 000 innbyggjarar og Mainz fekk dermed status som storby. Folketalet i 2002 var på 183 822 (ytterlegare 18 619 har hovudbustad andre stader, men eiger ein bustad i Mainz).
Mainz ligg 25 minutt med S-Bahn frå Frankfurt internasjonale flyplass.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Mainz er meir enn 2 000 år gamal. 13 f.Kr. vart det bygd ei romersk festning på staden.
I Mainz vart boktrykkarkunsten utvikla av pionerar som Johann Gutenberg, Johann Fust og Peter Schöffer (svigerson av Fust). Den første boka som vart trykt med mekansikedelar vart trykt her. Denne boka vert kalla «Gutenbergs bibel», og i dag finst det tre perfekt bevarte eksemplar av boka. Ein i London, ein i Parisog ein i Washington D.C.. Teknikken som boktrykkarane i Mainz nytta bygde på den kinesiske boktrykkarkunsten, og sjølv papiret som vart nytta var sannsynlegvis ei kinesisk oppfinning.
Bydelar
[endre | endre wikiteksten]Byen er delt inn i 15 bydelar: Altstadt, Neustadt, Mombach, Gonsenheim, Hartenberg-Münchfeld, Oberstadt, Bretzenheim, Finthen, Drais, Lerchenberg, Marienborn, Hechtsheim, Ebersheim, Weisenau og Laubenheim.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |

