close

Faktaboks

Eige namn
romani shib
Norsk namn
romanes
Engelsk namn
Vlach Romani
Etymologi

eit adverb danna av adjektivet romano 'det som har med rom å gjere'

Uttale

romanes

Språkfamilie

språket høyrer til den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien

Språkkodar
rom (ROM)
ISO-639:3
rom
BERJAYA
Det viktigaste verket for norsk romanes er boka «The Orange of Love» and Other Stories. The Rom-Gypsy Language in Norway, som Lars Gjerde gav ut i 1994 i samarbeid med Knut Kristiansen.
«The Orange of Love» and Other Stories
Lisens: CC BY SA 3.0

Romanes er i Norden namn på valakisk romani, språket som blir snakka av folkegruppa rom (sigøynarar), til skilnad frå norsk og svensk romani, som er språket til romanifolket (dei reisande, taterane). Dette sistnemnde språket blir til vanleg berre kalla romani i Noreg og Sverige.

Romanes blir truleg talt av i underkant av 5000 i Noreg, men av nærmare 1,5 millionar i heile verda. Flest er det i Bosnia og Hercegovina (400 000) og Romania (over 240 000), men språket blir talt over store delar av Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika.

I 1998 fekk romanes status som minoritetsspråk i Noreg, ved sida av kvensk og romani. Det skjedde etter at Noreg i 1993 ratifiserte Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Romane/sigøynarane har status som nasjonal minoritet.

Ordet romanes er eit adverb med tydinga 'på rom-vis', og namnet som talarane sjølve brukar på språket sitt, er romani shib 'romsk språk'. Ein person som høyrer til romane, heiter rom (fleirtal roma) i hankjønn og romni (fleirtal romnja) i hokjønn. Gazho (fleirtal gazhe) er ordet for ein ikkje-rom.

Språkfamilie

Romanes høyrer til romani-språka, ei gruppe innanfor den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien og er i slekt med hindi og panjabi.

Det er vanleg å dele romani-språka inn i fire hovudgrupper: valakisk (vlax), balkansk, sentral og nordleg romani.

Språkhistorie

Romanes – det vil seie valakisk romani – er den varianten av romanispråka som utvikla seg i Valakia i Romania etter at urromani (proto-romani) spreidde seg utover Europa frå Balkan på 1300-talet.

Språka i dei fire greinene av språkgruppa romani stammar frå protoromani. Rroma, dei som talte dette språket, kom til Søraust-Europa frå Vesleasia mellom år 1000 og år 1300. Rroma var omreisande folk som opphavleg hadde utvandra frå India, men det er uvisst på kva tid.

Ved å granske ordtilfanget i romani kan ein finne ut mykje om vandringane til rroma. Utanpå dei indoariske orda finst det fleire lag med ord som folket har plukka med seg langs vegane dei har vandra. På vegen til Søraust-Europa har dei fått med seg iranske (persiske, osetiske og kurdiske) og greske lånord.

Mellom 1300 og 1500 spreidde rroma seg over heile Europa. Mange blei verande i Søraust-Europa, mellom anna dei som snakkar valakisk romani, som spreidde seg utover Europa i ei ny bølgje i 1860-åra.

Fleirtalet av romane i Valakia levde som slavar fram til 1860. Då slaveriet tok slutt, reiste mange romar til andre delar av Europa, også Noreg. Difor har vi sidan 1860-talet hatt to romanivariantar i Noreg – norsk romani og valakisk romani. Dei som snakkar desse to språka, legg merke til likskapen mellom dei to språka, men skilnadene er samtidig så store – ikkje minst i grammatikk og uttale – at dei må ty til andre språk for å føre ein meiningsfull samtale.

Skriftspråket

BERJAYA
ABC Romani shib (Oslo 2022) er ei ABC-bok på norsk romanes.
ABC Romani shib
Lisens: CC BY SA 3.0

Romanes er lite i bruk som skriftspråk, bortsett frå i mellom anna tekstmeldingar på mobiltelefon, men utan ein einsarta eller standardisert ortografi. Språkforskarar har utvikla ei konsekvent rettskriving som blir nytta i grammatikkar, ordbøker og tekstsamlingar.

Lista nedanfor er truleg eit fullstendig oversyn over alle publikasjonar som er utgitte i Noreg med tekst på romanes.

  • 1979: Me ginavav romanes. [Eg les romanes.] Hefte 1–2. ABC skriven av An-Magritt Syverud, Bente Lund Heltveit og Jan Gaarder. Tekst- og språkkonsulentar var Rosa Karoli og Lars Gjerde. [78 + 76 sider.]
  • 1994: «The Orange of Love» and Other Stories. The Rom-Gypsy Language in Norway. Utgitt av Lars Gjerde i samarbeid med Knut Kristiansen. Alle forteljingane er skrivne på romanes, med parallelltekst på engelsk. Boka har også ei ordliste. [305 sider.]
  • 2016: Romske eventyr og historier / Paramiči taj čače historiji. Utgitt av Maria Barinka Lakatosova, Robert Lorentsen og Balder Carstens Hasvoll. Alle eventyra og forteljingane er skrivne på romanes, med fri omsetjing til norsk (bokmål). [128 sider.]
  • 2022: ABC. Romani shib. [ABC. Romsk språk.] Skriven av Rolf Theil i nært samarbeid med det romske kultur- og ressurssenteret Romano kher (ein del av det fleirkulturelle arbeidet til Kirkens bymisjon). Boka har ei litt anna rettskriving enn tidlegare publikasjonar, med ch, sh, zh, dzh i staden for č, š, ž, dj for konsonantane /ʧ ʃ ʒ ʤ/. [110 sider.]
  • 2023: Kidimasko cajto / Ryddetid. Den norske originalen er forfatta av Camilla Kuhn. Omsett til romanes av Massimo Dhal og Rolf Theil. Barnebok. [36 sider.]

Språksystem

Romanes har eit grammatisk system med klare indoariske røter, og substantivet raklo 'gut (som ikkje er rom)' har desse seks formene; når trykket ligg andre stader enn på siste staving, er det merkt med ein akutt aksent (´):

Kasus Eintal Fleirtal
nominativ raklo rakle
oblik rakles raklen
vokativ rakléja raklále

Til dei oblike formene kan ein leggje enklitiske postposisjonar som uttrykkjer fire kasus:

Kasus Eintal Fleirtal
dativ rakléske raklénge
komitativ raklésa raklénsa
ablativ rakléstar rakléndar
lokativ rakléste raklénde

Verba har desse grunnformene; bindestrekar er sette inn for å vise den morfologiske strukturen:

Person / Tal presens preteritum perfektiv
1. eintal dikh-av dikh-l-em
2. eintal dikh-es dikh-l-an
3. eintal dikh-el dikh-l-an
1. fleirtal dikh-as dikh-l-am
2. fleirtal dikh-en dikh-l-an
3. fleirtal dikh-en dikh-l-e

I tillegg har språket enklitikona -as og -a. Når -as blir lagt til ei presensform, får vi preteritum imperfektiv, til dømes dikh-áv-as 'eg brukte å sjå / eg dreiv og såg'. Når -as blir lagt til ei preteritum perfektiv-form, får vi preteritum perfektum, til dømes dikh-l-ém-as 'eg hadde sett'. Enklitikonet -a blir lagt til presensformene for å uttrykkje futurum, til dømes dikh-l-ém-a 'eg skal sjå'.

Uttale

Romanes har eit lydsystem med klare indoariske drag, men det er òg ein sterk påverknad frå språka på Balkan.

Skiljet mellom dei uaspirerte p, t, k og dei aspirerte ph, th, kh finst ikkje i andre europeiske språk enn i romani. Dette er eit drag ved lydsystemet som romani har teke med seg frå India.

Trykket ligg på siste staving i ord som fanst i språket då talarane kom til Europa, det vil seie indoariske arveord og lånord frå i første rekkje iransk (særleg persisk), armensk og bysantinsk gresk. I seinare lånord, særleg frå europeisk gresk, rumensk og slavisk, ligg trykket oftast lenger framme i ordet. Her er trykket merkt med ein akutt aksent (´) når det ikkje ligg på siste staving, som vist i desse fleirstavingsorda:

Romanes Tyding Opphav
shero 'hovud' indoarisk
tover 'øks' persisk
kochak 'knapp' armensk
kurko 'veke' bysantinsk gresk
fóro 'by, marknad' europeisk gresk
lopáta 'spade' rumensk
avijóna 'fly' fransk

I grammatikkar over romanes er det vanleg å skilje mellom asiatiske og europeiske ord, som i mange tilfelle også blir bøygde forskjellig. Ord med asiatisk bøying blir kalla tematiske, oikoklitiske eller preeuropeiske, mens ord med europeisk bøying blir kalla atematiske, xenoklitiske eller europeiske.

Lånord

Norsk har ingen lån frå romanes bortsett frå romanes (språket) og rom 'rom', 'sigøynar', fleirtal romar, av romanes rom, fleirtal roma.

Tradisjonelt har vi kalla romane for sigøynarar, av tysk Zigeuner. Tysk kan ha lånt Zigeuner frå ungarsk cigány, men vi veit ikkje sikkert kvar ordet opphavleg kjem frå. Det blir oftast knytt til det bysantinsk-greske atsingános 'rom', 'sigøynar'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg