close
BERJAYA

I norsk og dansk blir Æ, Ø og Å brukt i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane. Æ og Ø har vore i bruk i nordiske språk frå middelalderen, mens Ä, Ö og Å har kome til seinare. Verken Æ eller Ø har oppstått i Norden; begge desse teikna er brukt i latinsk tekst. Den viktigaste årsaka til at dei nordiske språka har desse tilleggsbokstavane, er at dei har ni vokaler, mot fem i latin.

Norske og danske tilleggsbokstaver
Lisens: CC BY SA 3.0
BERJAYA
Dei nordsamiske bokstavane č, đ, ŋ, š, ŧ og ž har skapt utfordringar for datamaskiner fram til innføringa av Unicode.
Samiske tilleggsbokstaver
Lisens: CC BY SA 3.0

Det norske alfabetet har 29 bokstavar og består av det felles latinske alfabetet i tillegg til bokstavane Æ, Ø og Å. I norsk blir fleire av bokstavane òg brukt med diakritiske teikn.

Faktaboks

Etymologi

sammensatt av alfa og beta, de to første bokstaver i det greske alfabetet

Også kjend som

dansk-norske alfabet, norsk-dansk alfabet

Alfabetet blir ofte kalla det dansk-norske alfabetet fordi alfabetet er likt for norsk og dansk.

Alfabetiseringsrekkefølga frå 1917 (Noreg) og 1955 (Danmark) er A, B, C, D, E, F, G, H, I, J, K, L, M, N, O, P, Q, R, S, T, U, V, W, X, Y, Z, Æ, Ø, Å.

Skandinaviske tilleggsbokstavar

Det latinske alfabetet har blitt utvida i fleire rundar frå dei opphavlege 21 bokstavane. Først til 23, ved tillegg av dei «greske» bokstavane Y og Z. Frå mellomalderen og seinare vart alfabetet utvida til 26 bokstavar ved at I har blitt spalta i I og J og V i U, V og W.

I norsk og dansk blir Æ, Ø og Å brukt i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane. Æ og Ø har vore i bruk i nordiske språk frå mellomalderen, medan Å har komme til seinare. Verken Æ eller Ø har oppstått i Norden; båe teikna er brukte i latinsk tekst. Den viktigaste årsaka til at dei nordiske språka har disse tilleggsbokstavane, er at vi har ni vokalar, mot fem i latin.

Bokstaven Å har blitt brukt i det norske alfabetet frå 1917 og i dansk frå 1948. Den endelege avgjerda om kvar Å skulle plasserast i det danske alfabetet, vart ikkje teke før i 1955, og frå 1948 til 1955 kom Å først. Opphavet til Å er ein liten a skriven over ein A. Å vart først brukt i Tyskland, men er ikkje lenger i bruk i tysk.

svensk har Å vore i kontinuerleg bruk heilt frå 1500-talet. Alle dei tre «tyske» bokstavane Ä, Ö, Å kom til Sverige saman med boktrykkjarkunsten. I norsk-dansk skreiv ein lenge dobbel A (aa), slik ein òg hadde gjort før 1500 i svensk.

I det svenske alfabetet blir Ä brukt i staden for Æ, og Ö i staden for Ø. Bokstavrekkjefølgja er òg ulik på svensk. Det svenske alfabetet sluttar med Å, Ä, Ö, medan norsk og dansk har Æ, Ø, Å. I norsk og dansk blir Å alfabetisert til slutt fordi dette er den siste bokstaven som vart lagt til i alfabetet, medan i svensk har Å vore i bruk mykje lengre enn i dansk og norsk.

Omsetjing av tilleggsbokstavane

Når det ikkje er mogleg å bruke eit teiknsett som støttar dei skandinaviske tilleggsbokstavane, må desse endrast. Slik omsetjing er mindre vanleg i dag enn tidlegare – no støttar dei fleste datasystem Unicode-standardar som har full støtte for dei skandinaviske og tusenvis av andre bokstavar.

Bokstav Offisiell omsetjing* Vanleg omsetjing
Æ AE AE
Ø OE O
Å AA A/AA
Ä AE A
Ö OE O

* Blir mellom anna brukt på flybillettar og liknande

Diakritiske teikn i norsk

BERJAYA

På norsk blir diakritiske teikn fyrst og fremst brukt i lånord frå fransk og for å skilje mellom ord som blir skrivne på same måte, men har ulik tyding. I eksempla er det vald ut éi tyding av kvart ord, som eksempel på korleis vi kan bruke diakritiske teikn i norsk. Det er meir vanleg å bruke diakritiske teikn i nynorsk enn bokmål, og eksempelet er difor på nynorsk.

Diakritiske teikn
Av .

Diakritisk teikn er eit lite teikn (ring, prikk, strek, hake og så vidare) som er plassert over eller under ein bokstav. På norsk blir det brukt fleire diakritiske teikn, i hovudsak akutt aksent, grav aksent, tødlar og cirkumfleks, til dømes idé, òg, Grünerløkka, fôr.

Dei vanlegaste bokstavane med diakritiske teikn i norsk er Ä, Á, É, È, Ô, Ö og Ü. I tillegg finst mellom anna À, Ã, Ç, Ê, Ë, Í, Ï, Ñ, Ó, Ò, Ú. Bokstavar med diakritiske teikn blir ikkje rekna som eigne bokstavar i norsk, og dei blir sorterte saman med bokstavane utan diakritiske teikn.

Ringen over Å blir ikkje rekna som eit diakritisk teikn i norsk eller dansk, og Å er ein eigen bokstav. Tilsvarande blir dei svenske Ö og Ä òg rekna som eigne bokstavar og ikkje variantar av O og A. På tysk blir derimot bokstavar med tødlar rekna som variantar av bokstaven utan tødlar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg