Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Tittelen brukast i fleire kyrkjesamfunn.
I Den norske kyrkja er domprosten fast vikar for biskopen og har difor ei særstilling i høve til prostane elles. I særskilte tilfelle kan biskopen påleggje domprosten å gjere bispeteneste. Domprosten kan ikkje utføre vigsling av prestar og andre kyrkjelege tenestegrupper, heller ikkje om han eller ho er i teneste som vikar for biskopen. Tittelen «domprost» blei innført i 1922. Tidlegare vart denne stillinga kalla stiftsprost. Per 2026 er det 11 domprostar i Den norske kyrkja.
I Den katolske kyrkja er domprosten forstandar for eit domkapittel, presteskapet ved ei domkyrkje.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.