close
BERJAYA
Mr Rochester og Jane Eyre. Illustrasjon frå boka Life and Works of the Sisters Brontë (1899).
Mr Rochester og Jane Eyre
Av .
BERJAYA
BBC-produksjon av Jane Eyre frå 2006 med Ruth Wilson og Toby Stephens i hovudrollene
Jane Eyre 2006
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Jane Eyre er ein roman av Charlotte Brontë, utgitt i 1847. Det er ein oppvekstroman (Bildungsroman) om ei foreldrelaus jente som gjennom dramatiske hendingar finn sin plass i livet. Boka er ei uvanleg kjærleikshistorie som bryt klassesamfunnet sine reglar. Ho er også eit sterkt uttrykk for kvinner sin lengt etter fridom og meiningsfylt arbeid, og slik sett ein viktig tidleg-feministisk roman.

Faktaboks

Uttale

dʒein ɛə

Boka er ei av dei som er aller mest brukt av filmskaparar som råmateriale både for kino og TV. Det har vore laga minst ein Jane Eyre-versjon per tiår frå 1910 til 2011. Romanen er også ein av dei som er blitt oftast omsett til norsk, med seks ulike omsettingar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg