Tihamah
| Tihamah | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Tihamah 22°N 40°E / 22°N 40°E | |||
| Wikimedia Commons: Tihamah | |||
Tihamah eller Tihama[a] syner til kystsletta i Arabia langs Raudehavet frå Akababukta til Bab el Mandeb.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Regionen vert stundom delt inn i to delar, Tihamat Al-Hejaz (nord) og Tihamat ʿAsir (sør).[1] Den jemenske delen (Tihamat Al-Yaman) er ei forlenging av Tihamat ʿAsir.[2] Sletta er avgrensa og er på det breiaste (60 til 80 km) sør for Medina og sør for Mekka.[1]
Byane Yanbu, Jidda og Al Qunfudhah ligg i Hejaz-området av Tihamah. På den asiriske og jemenittiske delen av Tihamah-sletta ligg byane Jizan og Al Hudaydah.
Temperaturane i Tihamah er truleg somme av dei høgaste på jorda. På arabisk tyder at-taham kraftig varme og mangel på vind.[3]
Flora
[endre | endre wikiteksten]

Den store sandete kystletta er eit varmt og lite gjestmildt område parallelt med Raudehavet, og det meste av henne, nord for Zabid i Jemen, er trelaus. Nokre stader finst det likevel tett krattskog som nesten berre består av treslaget salam, eller Vachellia flava, og ein kan gå ut frå at dette opphavleg var det dominerande naturlege plantelivet i Tihamah. I krattskogane finst tannkost-treet Salvadora persica og av og til ørkendaddeltreet Balanites aegyptiaca og koloniar av vill doum-palme (Hyphaene thebaica), i tillegg til planta daddelpalmar (Phoenix dactylifera).[4]
Arkeologi
[endre | endre wikiteksten]Under ein kanadisk arkeologiekspedisjon nær landsbyen al-Mutaynah i Tihamah-området leia av Edward Keall, direktøren for Royal Ontario Museum, vart det funne seksten megalittiske bautasteinar. Steinane består av granitt og veg opp til 20 tonn. Tre av dei ståande steinane er 2,5 m høge med ein som har falle ned er over 20 meter lang. Koparreiskapar som ein meiner går tilbake til same tida som steinane vart reiste er daterte til kring 2400 til 1800 fvt. Ein enno eldre steinalderindustri vart funnen i lag med potteskar datert til 1200 til 800 fvt.[5]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tihamah» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 «Arabia», on Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015
- ↑ «Jemen» på Encyclopaedia Britannica. Henta 22. desember 2015
- ↑ Shawqi Abu Khalil (2004). Atlas on the prophet's Biography. Darussalam. s. 31. ISBN 9-9608-9771-0. Henta 20. mars 2013. «It is so called because of its severe heat and lack of wind, from the word At-Taham which refers to extreme heat and lack of wind.»
- ↑ Hepper, F.N. (Juli 1978). «Were There Forests in the Yemen?». Proceedings of the Seminar for Arabian Studies 9 (1979): 65–71. JSTOR 41223217.
- ↑ Harrington, Spencer., Jemeni Megaliths, Archaeology, the Archaeological Institute of America, 10. desember 1997


