Senlis
| Senlis | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Oise | |
| Flatevidd | 24,05 km² | |
| Flatevidd • By |
24,05 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
17 192 715/km² | |
| Koordinatar | 49°12′N 02°35′E / 49.200°N 2.583°E | |
| Høgd | 76 m | |
| Tidssone | CET (UTC+1) | |
| Postnummer | 60300 | |
| Nettstad: www.ville-senlis.fr | ||
Senlis er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Oise i regionen Hauts-de-France, og har om lag 17 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 50 km nord for Paris.
Senlis ligg ved elva Nonette, som er ei sideelv til elva Oise.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Senlis var først ein gallo-romersk busetnad. Monarkane i det tidlege franske dynastiet budde her nær skogen Forêt de Chantilly og rådyra der. Dei bygde eit slott over den gamle romerske busetnaden. I 987 kalla erkebiskopen av Reims, Adalberon, i saman ei samling og bad dei velje Hugo Capet som konge av Frankrike. Monarkane i Frankrike forlet derimot snart byen og heldt seg heller i Compiègne og Fontainebleau. Byen fekk nytt liv på 1100-talet og det vart bygd festningsvollar, men det gjekk så sakte nedover med byen igjen. I dag trekk byen til seg turistar på grunn av si lange historie og band til monarkiet.

