Seid

Seid (av norrønt seiðr) er ei samlenemning på kunnskapar og teknikkar i grenselandet mellom religion og magi. Seid var ein skjult kunnskap i den nordiske jernalderen og vikingtida.
Seid har klare likskapar med sjamanisme.[2] Det var ein type magi som for det meste blei utført av kvinner kalla volver, medan menn som dyrka seid blei sett på med forakt og skulda for ergi (å vera umannlege). Seidmannen vart truleg knytt til ergi fordi seid var domenet til kvinner.[3] Odin lærte seg seid av vanegudinna Frøya. Dette viser at Odin var ein guddom som sprengde alle grenser, òg dei strengaste sosiale normene. Snorre fortel at Odin var den største seidmannen.
Vanene rådde over seid og fruktbarheit, og ettersom Frøya var av vaneslekt, var det ho som lærte opp Odin og dei andre æsene i seidkunst. I Ynglingatal blir ho kalla «blotgydje».[4] Tabu og restriksjonar blir rekna å ha kome i løpet av jernalderen ved etableringa av ein krigarelite,[5] som hirden til kongen.
Seidkoner
[endre | endre wikiteksten]Soga om Eirik Raude frå rundt 1200 inneheld ei utførleg skildring av praksisen til ei seidkone. Ho fortel om volva Torbjørg på Grønland som blei kalla «Vesle-volva» og «spåkone». Om vinteren gjekk ho rundt og vitja folk som ville bli spådd. Storbonden Torkel ville ha greie på kva tid uåret i 999 skulle ta slutt. Soga skildrar korleis ei volve blei teken imot når ho kom til gards: Det blei reist eit høgsete for henne og lagt puter oppå som var stoppa med hønsefjører. Ho fekk servert graut av geitemjølk, og ein rett av hjarte frå kvar type husdyr på garden. Torbjørg spurde om nokre av kvinnene kunne syngja vardlokkar, og husfrua Gudrid forklarte at ho ikkje hadde lært trolldom, men at fostermora hennar på Island hadde lært henne ein song som blei kalla vardlokkar. Gudrid rekna seg som kristen og var i tvil om ho skulle synge ein slik song, men Torbjørg forsikra henne at ho ikkje ville bli noka dårlegare kvinne av den grunnen. Gudrid framførte då songen på den vakraste måten, og volven forsikra at mange åndar hadde strøymt til, så no kunne ho seia at uåret ville vera over til våren. Ho lova Gudrid òg ei etterslekt å vera kry av. Deretter gjekk mennene ein etter ein bort til volva og fekk svar på spørsmåla sine, og dei fleste spådommane hennar skal ha vist seg å slå til. Torbjørg drog vidare for å gjesta nabogarden, og våren 1000 blei vêret snart betre, slik ho hadde spådd.[6]
Eyrbyggja saga fortel om striden mellom to enkjer, Katla og Geirrid, som begge kan seid. Katla prøver å skjula sonen sin, som har utført eit lovbrot, og skaper han om til ein gris. Ho seider ein mann sjuk i fleire månader, men til slutt blir ho sjølv steina. Geirrid nyttar evnene sine til å finna sonen til Katla, så han må stå til rette for handlinga. I Eyrbyggja saga opptrer òg den gamle, blinde fostermora til Torodd. Ho kan høyra av brølet frå ein okse om dette skal ta livet av ein menneske. Difor ber ho Torodd drepa oksen på garden, men han høyrer ikkje på henne, og blei dermed stanga i hjel av denne oksen. Bergtora, kona til Njål i Njålssoga, har òg ei gammal fostermor som åtvarar mot graset som ligg igjen på gardsplassen og vil bli brukt til å setja fyr på garden, så Njål og Bergtora brenn inne. Dei tek ikkje omsyn til åtvaringa, og endar med å bli brent inn. «Sunnfyllaren» var tilnamnet Turid fekk då Hålogaland blei råka av uår, og ho makta å fylla sunda med fisk. Sidan flytta Turid til Island, der bøndene meinte ho framleis kunne fylla eller tømma havet for fisk. Slik fekk ho makt over dei, men folk visste at både Turid og Geirrid handla i interessene til fellesskapet, og difor respekterte dei dei.[7]
I Kormáks saga drep Komrak to søner av seidkona Torveig, og jagar henne frå gard og grunn. Ettersom ingen av dei mannlege slektningane vil hemna henne, er seid den einaste utvegen hennar om ho skal få hemn. Kormak var trulova med Steingerd, og Torveig som han hadde gjort heimlaus, gjorde til gjengjeld Kormak impotent. På grunn av dette kom han ikkje til sitt eige bryllaup, og etter kvart gifta Steingerd seg med ein annan. Kormak hamna dermed i konflikt med både denne mannen og sidan den neste ektefellen hennar. På seglas til Noreg meinte Kormak at han såg augo til Torgerd i ein kvalross som sumde ved sida av skipet, og han drap dyret med spydet sitt. I same stund skal Torgerd ha blitt sjuk på Island og døydde. Sagaforfattaren er litt uviss på magien ho utøver: Ho hadde ei rettferdig sak mot Kormak, og seid var det einaste våpenet ho hadde. Samstundes var svart magi ulovleg og ærelaust.[8]
På angelsaksisk uttrykte omgrepa sidda' eller sidesa noko i slekt med islandsk síða (‘å fortrylle, forheksa’) og seiðr, ‘seid’.[9]

Seidmenn
[endre | endre wikiteksten]Snorre Sturlason fortel i Soga om Harald Hårfagre saga i Heimskringla at ein av sønene til Harald Hårfagre med samekvinna Snøfrid, Ragnvald Rettilbeine, var ein seiðmaðr eller seidmann. Kong Harald likte ikkje seidmenn, og fekk favorittsonen sin, Eirik Blodøks, til å brenna halvbroren Ragnvald inne på Hadeland saman med 80 andre seidmenn.[10]
Ein mannleg utøver av seid hadde tapt ære, slik det går fram av runesteinane i Skjern i Jylland: Síði sa maðr er þessi kuml of brjóti (‘Ein seidmann er han som bryt [ødeleggjer] desse kumlene [runene]’).[11] I Loketretta hånar Loke Odin for å ha drive med seid på Samsø:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Skjern-steinen
- ↑ «seid» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. august 2022 fra
- ↑ Steinsland, Gro (2005). Norrøn religion. Oslo: Pax. ISBN 978-82-530-2607-7.
- ↑ Magerøy, Hallvard; Næss, Ellen Marie: «Frøya» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 25. august 2022 fra
- ↑ Arild Klokkervold: Seiðr: seid, sjamanisme og ergi
- ↑ Eirik Raudes saga, kap. 4, oms. av Gustav Storm
- ↑ Arnved Nedkvitne: Ære, lov og religion i Norge gjennom tusen år (s. 70), forlaget Spartacus, 2011, ISBN 978-82-304-0070-8
- ↑ Arnved Nedkvitne: Ære, lov og religion i Norge gjennom tusen år (s. 71)
- ↑ Oppslagsord sidesa/sidsa i Angelsaksisk ordbok, bokstaven S
- ↑ Snorre: Harald Hårfagres saga, kap. 35
- ↑ Arild Hauge: «Maskesten», DR 81 (DK MJy 22) - SKJERN 2, JYLLAND, REGION MIDTJYLLAND, DANMARK
- ↑ Loketretten
- Denne artikkelen bygger på «Seid» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mars 2026.
