close
Hopp til innhald

Lav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BERJAYA
Eit uidentifisert bladlav

Lav er eit mutualistisk samliv mellom ein sopp og ein alge der dei to organismane framstår som éin. Algen fotosyntetiserer sukker or lufta, medan soppen vernar han mot beite. Lav finst over heile verda, ofte under særs tøffe tilhøve, trass i at dei ikkje veks vidare fort. Ein finn dei på mange ulike substrat, mellom anna stein, mose, bork og blad.

Ein reknar med at fenomenet har oppstått fleire gonger i evolusjonshistoria uavhengig av kvarandre. Dei eldste lavfossila er om lag 400 millionar år gamle, men ein trur dei kan vera langt eldre – fossiliseringsprosessar har særs vanskeleg for å skje i dei harde omgjevnadene lav flest held til i.

Alle lav består av ein mykobiont, soppen, og ein fotobiont, algen. Soppane er som regel sekksporesopp (Ascomycota), men det finst òg nokre få stilksporesopp som dannar lav. 20 % av alle kjende sopp dannar lav. Algane er som regel grønalgar, ved somme høve òg cyanobakteriar. Ein del lavslekter har begge delar; grønalgane driv fotosyntese, og cyanobakteriane fikserer nitrogen or lufta. Slikt lav kjenner ein gjerne att på dei blågrøne flekkene (cephalodiane) dei har på thallus.

Reint økologisk og morfologisk kan me dela lavet inn i tre kategoriar. Dette har ingenting å gjera med biologisk systematikk, men er ei praktisk inndeling basert på korleis sopp- og lavcellene er organiserte i høve til kvarandre.

Skorpelav (som til dømes kartlav) er den minste og mest hardføre lav-varianten. Her veks mergen av sopphyfar rett på substratet med eit tynt lag algar over seg, godt verna av eit tjukt lag overbork soppen produserer. Hyfane kan gjerne bora seg ned i hardt berg og halda seg til dels særs godt fast.

Bladlav har tilnærma bladforma thallus og har rotliknande strukturar (rhizinar) som festar dei til substratet. Mellom rhizinlaget og mergen har dei i tillegg ein underbork.

Busklav er oftast sylindrisk, og har eit ståande eller hengande thallus med greiner. Dei er som regel fest til substratet berre med ei einskild festeskive dei har ved basis.

Desse vekstformene gjeld for lav med heteromere thallus, det vil seie lavformer med klar laginndeling. Det er dette som er mest vanleg, men me kjenner òg ein del artar med homoiomere thallus: ein merg som består både av foto- og mykobiontar. Dette finn me helst hjå bladlav med cyanobakterie som fotobiont.

Spreiingsstrukturar

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA
Eit busklav.

Sidan lav har minst to ulike celletypar som er særs genetisk distinkte, er det vanskeleg for dei å formeira seg kjønna. Som regel spreier lav seg difor som fragment; så godt som alle brotstykke av eit lav er i stand til å veksa opp til heilt nye individ.

Nokre lav har spesialiserte fragmenteringsstrukturar som fører til at dei vert spreidd over større avstandar. Isidium er borkkledde utvekstar frå thallusoverflata som både inneheld sopp- og algeceller. Desse brekk av og vert spreidd med vinden. Soredia er små gryn-aktige pakkar med algeceller og sopphyfar som veks i dei områda på thallus som manglar bork (soral). Lav som er fullstendig dekt med soral, vert kalla leprøs.

Stundom formeirar soppen seg utan at algane vert med. Han er då vanlegvis avhengig av å finna nye algeceller der sporane landar, for å kunne veksa opp til eit nytt lav. Det vert danna såkalla apothecium – «krater» med asci eller basidium avhengig av om mykobionten er ein sekk- eller stilksporesopp – som produserer seksuelle sporar som vert spreidd med vinden. Flaskeforma perithecium kan dessutan danna aseksuelle konidiesporar.

Lav er særs rikt på karbohydrat og kan nyttast som mat både for dyr og menneske. Det vert òg nytta som materiale til m.a. kransar og tau og som isolasjonsmateriale i hus.

  • Andersen, Heidi Lie: Lav, Forelesningsnotater for BIO112 botanikk ved Universitetet i Bergen hausten 2007
  • Ennos, Roland & Sheffield, Elizabeth: Plant Life Blackwell Science 2000

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
BERJAYA Commons har multimedium som gjeld: Lav