close
Hopp til innhald

Humber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Humber
estuar
BERJAYA
Land BERJAYA Storbritannia
Kart
Humber
53°42′02″N 0°41′25″W / 53.700555555556°N 0.69027777777778°W / 53.700555555556; -0.69027777777778
Wikimedia Commons: Humber estuary

Humber er ein stor tidvasspåverka elvemunning, eller estuar, nordaust i England. Det startar ved Trent Falls, der elvene Ouse og Trent møter kvarandre. Rett før utløpet av Nordsjøen renn elva Hull inn i Humber.

BERJAYA
Humber Bridge ved Hull.

I angelsaksisk tid var Humber ei viktig grenseelv, som skilde Northumbria («nord for Humber») frå dei sørlege kongedøma. Ho markerer no grensa mellom East Riding of Yorkshire og Lincolnshire. Mellom 1974 og 1996 var området på begge sider av fjorden del av distriktet Humberside. Fjorden har gjeve namn til regionen Yorkshire og Humber, som ho renn gjennom.

Ved utløpet til Humber vart det i 1914 bygd to festningar, Humberforta. Ei tredje festning, Fort Paull, ligg lenger opp langs fjorden